NRK Meny
Normal

Framfører åtte Kraftwerk-album på åtte dagar

Den tyske gruppa Kraftwerk avsluttar tysdag ein konsertserie i New Yorks Modern Museum of Art, der dei framfører åtte studioalbum frå 1974 til 2003 for fulle hus.

Kraftwerk under konsert i New York

Kraftwerk under opningskonserten for Retrospective-serien i New York.

Foto: Jason Szenes / Reuters

Billettane vart rivne bort i løpet av ein time då det i februar vart kjent at det banebrytande tyske bandet Kraftwerk skulle spele gjennom albuma i løpet av åtte konsertar på åtte dagar, med berre 450 plassar i salen.

«Retrospective 1 2 3 4 5 6 7 8» starta førre tysdag med «Autobahn» frå 1974 og vert avslutta tysdag 17. april med «Tour de France» frå 2003. I tillegg til live-framføring har publikum fått sjå 3D-visualiseringar av albuma.

– Musikk vert aldri ferdig

Kraftwerk vart stifta i 1970 av Ralf Hütter og Florian Schneider, og er mellom dei viktigaste pionerane innan elektronisk musikk. Schneider slutta i bandet i 2008, og Hütter er den einaste av dei opphavlege medlemene som er med i New York.

Trass i at det snart er førti år sidan «Autobahn» kom ut, har ikkje bandet slutta å utvikle stoffet:

– Kraftwerk er ein levande organisme, seier Ralf Hütter til New York Times.

– Musikk vert aldri ferdig. Den byrjar på nytt i morgon. Plata er berre ei plate, men for oss er den nesten kjedeleg. Vi er meir glad i programma som vi kan jobbe med. Så vi betener, oppgraderer og oppdaterer kontinuerleg.

Bandet har heller ikkje slutta å ta til seg ny musikalsk lærdom:

– Vi lærer av støy, og vi lærer av å gå på klubbar, seier Hütter.

Les: Slik erobra minimalismen verda

Jobbar med nytt album

Hütter uttrykkjer i intervjuet at "ringen er slutta" med konsertane i New York-museet, sidan han og Schneider spelte mange av sine første konsertar på kunstgalleri i heimbyen Düsseldorf på slutten av 1960-talet – i «ein liten by i eit ingenmannsland, ei kulturell bakevje».

– Vi måtte finne musikken, den var ikkje der, seier Hütter, som ikkje såg det som eit alternativ å kople seg på den klassiske, tyske musikktradisjonen.

– Ein dag seier du: «Eg vil spele min eigen musikk. Kva er lyden min?» Og frå dette kultursjokket – «åh, vi har ikkje noko språk, vi har ikkje nokon kvardagsmusikk for samtida,» vert neste steg «ok, lat oss setje i gang med å lage den».

Kraftwerk kom med sitt siste studioalbum i 2003, og seier til New York Times at neste album kjem «snart» – utan å love nokon dato. Det står tydelegvis ikkje på arbeidsinnsatsen:

– Vi har ikkje sovna inn, seier Hütter.

– Det er framleis 168-timarsveka som gjeld, som den har gjort sidan starten i 1970.

Kraftwerk i New York

Ralf Hütter, Henning Schmitz, Fritz Hilpert, og Stefan Pfaffe under «Autobahn»-konserten 10. april.

Foto: Mike Coppola / Getty Images/AFP

Kulturstrøm

  • Freder den amerikanske ambassaden

    Riksantikvaren besluttet onsdag å frede den trekantede bygningen i Oslo sentrum som tidligere var USAs ambassade. Den regnes for å være et sentralt verk av den verdenskjente finsk-amerikanske arkitekten Eero Saarinen, opplyser Riksantikvaren i en pressemelding.

    Den amerikanske ambassade
    Foto: norway.usembassy.gov
  • – Jobbet med Beyoncé og Jay-Z

    Den norske produsenten, artisten og låtskriveren Fredrik William Ball, bedre kjent som Fred Ball, forteller at han har bidratt til tre av låtene på det nye albumet til Beyoncé Knowles og Jay-Z. Paret slapp albummet lørdag, og fredrikstadmannen Ball melder på sin instagramkonto at han klyper seg i armen over at han har jobbet med de to. Ball ga ut soloalbummet Pleasure i 2003 og har senere jobbet både med egen musikk og produsert for blant andre Bertine Zetlitz, Brett Anderson, Jarle Bernhoft, KT Tunstall og Sophie Ellis-Bextor.

    Laster Instagram-innhold
  • Michael Jackson på Broadway

    En musikal inspirert av livet til Michael Jackson og med sanger fra hans rikholdige katalog åpner på Broadway i 2020. Musikalens handling skal føres i pennen av Lynn Nottage, kjent for å skildre marginaliserte mennesker. Nå gyver hun løs på Michael Jacksons liv, sammen med regissøren og koreografen Christopher Wheeldon. (NTB)

    Michael Jackson
    Foto: Nyhetsspiller

Flere kulturnyheter