Hopp til innhold

Fox News inngjekk forlik etter sex-skuldingar

Den amerikanske nyheitskanalen Fox News og tidlegare nyheitsanker i kanalen, Gretchen Carlson, har blitt samde om eit forlik etter skuldingar om seksuell trakassering.

FOXNEWS-LAWSUIT/

Gretchen Carlson var i fleire år ein av profilane til Fox News.

Foto: MIKE SEGAR / Reuters

I juli saksøkte Gretchen Carlson toppsjefen i Fox News, Roger Ailes, for seksuell trakassering. Ho hevda ho fekk sparken frå kanalen fordi ho ikkje ville innleie eit seksuelt forhold til Ailes.

Seinare i juli gjekk Ailes av umiddelbart, og eigaren Rupert Murdoch tok over sjefsstolen.

No har nyheitskanalen og den tidlegare programleiaren inngått eit forlik, skriv Vanity Fair.

Millionforlik

Roger Ailes

Roger Ailes avviser alle påstandar om at seksuell trakassering.

Foto: Drew Angerer / Afp

Dei skal ifølge fleire kjelder ha blitt samde om at Carlson skal få 20 millionar dollar, eller over 165 millionar kroner, i erstatning. Fox News stadfestar overfor nyheitsbyrået Reuters at dei har blitt samde om eit forlik, men vil ikkje seie noko om innhaldet og vilkåra. Men dei har publisert ei offentleg orsaking:

– Vi seier oss svært leie for at Gretchen ikkje blei behandla med den respekten og verdigheiten ho alle våre kollegaer fortener.

Det er uklart om Ailes sjølv må betale noko i forliket. Men han er i utgangspunktet forsikra mot slike avtalar gjennom Fox News, skriv Vanity Fair.

Ifølge magasinet har Gretchen Carlson også gått med på at ho ikkje skal gå til sak mot andre sjefar i Fox News eller mot selskapet.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober