Pramoedya Ananta Toer
Fotspor
Pax forlag 2004
Året er 1901, og den unge mannen Minke er klar for medisinstudiar i storbyen Betawi. Då han stig i land frå båten drøymer han om eit fritt liv i ein moderne storby. Timar etter har skulen konfiskert dei europiske kleda hans, medstudentane har jult han grundig opp og han har blitt tvinga til å skrive under på eit sett strenge ordensreglar.
Sterke kontraster
Det er slik Toer byggjer opp romanane sine: På sterke kontrastar. Mellom tunge tradisjonar og det moderne som bryt fram, mellom kolonimakta Nederland og innfødde, mellom rike sukkerplantasjeeigarar og fattige analfabetar. Det er nok å ta av, og Toer sparer ikkje på effektane i denne heilt unike romankvartetten der han skildrar framveksten av Indonesia frå slutten av 1800-talet og framover. Denne mannen har ingen angst for patos.
I sentrum står Minke, som er modellert over livet til ein historisk person, Surjo. Surjo utgav den første dagsavisa som var eigd av innfødde, han var med og grunnla den første politiske organisasjonen, han ordna med fri rettshjelp og starta fleire tidsskrift. Kort sagt: dette er ein mann av den nye tida, ein slik som står fram når ein nasjon skal byggast.
Etter to romanar om ungdom og oppvekst, set Minke alias Surjo i denne tredje boka raskt i gang med det eine prosjektet etter det andre. For den som ikkje har indonesisk historie sånn heilt på plass, ligg det ei viss utfordring i å halde styr på alt dette, men om byar og personar går i surr er hovudhandlinga tydeleg og ikkje utan overføringsverdi til andre land og forhold. Det handlar rett og slett om å byggje eit demokrati. Og på det private plan: Om kvinner som døyr og vener som svik, om kinesiske potensmiddel og skyteglade prinsesser, om forkledde politifolk og valdelege gjengar.
Djupt fascinerande
Toer kan si historie og han kan skrive historier. Burukvartetten blandar skarpsindig innsikt i politiske prosessar med tåredryppande og nifse episodar. Det er djupt fascinerande å lese.
Eit lite råd til slutt: ikkje les denne boka - med mindre du allereie har lese dei to første bøkene i Burukvartetten. Elles får du trøbbel. Det ligg nemleg eit strengt kronologisk prinsipp i bånn her.
"Fotspor" er omsett frå engelsk av Kjell Olaf Jensen.
Av Marta Norheim
Kulturnytt, NRK P2, 31. mars 2004
Lyd og video
Lenker