13 år gamle Karen Julie Dybvad Evjemo er svært interessert i musikk. Så engasjert er det unge talentet, at ho meistrar både piano, keyboard og tverrfløyte. Etter sju år på kulturskule i heimbygda Lånke i Nord Trøndelag, ville ho litt lenger.
Karen Julie skriv både tekst og komponerar melodi sjølv. For eit par veker sidan tok ho kontakt med Nidaros studio i Trondheim og spelte inn sin fyrste låt.
Juryen seier
P1 demo juryen meiner at Karen har svært mykje inne til å vere så ung. Å skrive tekstar og komponere melodiar så ung er svært bra. Melodien er lett gjenkjenneleg og har eit godt popprefreng. For alle speidarar på jakt etter talent, bør Karen vere eit glimrande utgangspunkt.