Fortvilar over musikkforbod i Mali

Fatoumata Diawara formidlar den dramatiske situasjonen i heimlandet Mali på alle sine konsertar. – Vi kan ikkje leve utan musikk i Mali, sa ho før sin konsert i Oslo.

Fatoumata Diawara

Fatoumata Diawara vitjar Oslo denne veka for å spele under Oslo World Music Festival.

Foto: Siv Wammer / NRK

Mali har fostra ei rekkje svært anerkjente og profilerte musikarar opp gjennom åra, og under vekas Oslo World Music Festival er dei maliske artistane Fatoumata Diawara og Boubacar Traoré mellom dei største trekkplastra.

– Musikken er veldig viktig for oss i Mali, sa Fatoumata Diawara til NRK før onsdagens konsert på Parkteatret.

– Vi syng om samfunnet og livet rundt oss, vi utdannar kvarandre, driv politikk og fortel om samfunnets utvikling. Musikken er Malis stemme. No som denne stemma er trua på grunn av situasjonen i nord, er vi alle redde.

Forbaud all kringkasting av musikk

I januar i år braut det ut opprør mellom tuaregane i Nord-Mali mot styresmaktene i hovudstaden Bamako i sør.

I mars gjorde ei gruppe militære statskupp i misnøye over handteringa av konflikten, men i kjølvatnet av kuppet tok islamistar i samarbeid med tuaregane kontroll i nord og erklærte seg som uavhengig stat under namnet Azawad.

Nokre av dei islamistiske gruppene har sett i verk sharialovgjeving i Nord-Mali, og i august forbaud dei all kringkasting av musikk. No er det stille – nesten alle musikarane i regionen har flykta, saman med 500.000 av sine landsmenn og -kvinner.

Les: Norge fordømmer kuppet i Mali

Les: Planlegger å drive islamister i Mali ut med våpen

Les alt om situasjonen i Mali

– Mi plikt å fortelje om landet mitt

Fatoumata Diawara

Fatoumata Diawara.

Foto: Paul Bergen / AFP

Fatoumata Diawara bur i Frankrike, men var nyleg i heimlandet og vil gjerne snart tilbake. Ho er opprørt over situasjonen, og det er ikkje musikken ho tenkjer mest på:

– Det eg er mest oppteken av er at vi må ha fred – så alle kan reise tilbake til heimane sine, så borna kan kome tilbake til skulen og livet kan fortsette, seier ho.

– Når kvardagen blir betre – når vi får mat og vatn – då kan vi spele og synge, men i dag er det vanskeleg. Folk har ikkje nokon heim lenger, alle har reist og Nord-Mali er aude.

Diawara er usikker på om ho gjer nok for å hjelpe:

– Som afrikansk kvinne og musikar er det mi plikt å fortelje om landet mitt. Eg fortel om kvinnene sin situasjon og borna som lid på kvar einaste konsert, men er det nok? Eg trur det, men er ikkje sikker.

– Musikken hjelpte meg å ta dei rette vala

Diawara er fødd i Elfenbeinskysten, vaks opp i Mali og flytta til Frankrike som 19-åring – for å verte skodespelar. Musikken har spelt ei viktig rolle heile vegen:

– Då eg vaks opp, var det musikken som var mi glede, og som hjelpte meg å ta dei rette vala, fortel ho.

Ho understrekar den unike posisjonen musikken har i det maliske samfunnet:

– Musikken er alltid der, den er vår første, viktigaste religion. Med musikken kjem vi i ei transe. Vi får kontakt med det åndelege. Vi kjem i kontakt med den gamle religionen – den åndelege fellesbasen i den maliske sjel. Vi må kjempe for at den skal halde fram å eksistere. Vi kan ikkje leve utan musikk i Mali!

– Eg er forelska i mitt Afrika

Diawara er kjend for ein mild og følsam stil i musikken sin. Ho har ikkje endra uttrykket sitt etter årets dramatiske hendingar:

– Nei, det har ikkje endra seg, det er ein del av meg. Eg har et ømt forhold til Afrika – eg er forelska i mitt Afrika og eg trur på Afrika.

Ho kan vere svært direkte og kritisk i sine tekstar, men vil samstundes halde fast på eit positivt forteikn i musikken:

– Eg ønskjer å vise noko positivt med musikken min – gleda, lukka, det heilande. Det er målet mitt. Sjølv om eg fortel om vanskelege ting i landet mitt, som vanskelege kår for kvinner og barn, må gleda og godt humør komme først. Eg håper å kunne gi ein god følelse til folk. Gjennom musikken kan ein snakke om mykje, men gleda må kome først.

Kulturstrøm

  • Lisa Banes død etter påkjørsel

    Den amerikanske skuespilleren Lisa Banes (65) er død, ifølge Entertainment Tonight.

    Hun ble påkjørt av en scooter i New York den 4. juni, og døde av skadene. Føreren stakk av fra åstedet.

    Banes er mest kjent for sine roller i Gone Girl og Cocktail.

    En representant for familien sa tirsdag at de var knust et hennes «tragiske og meningsløse bortgang».

    Lisa Banes
    Foto: Charles Erickson
  • Madrugada skal på europaturné

    Sivert Høyem, Frode Jacobsen og Jon Lauvland Pedersen jobber med ny musikk og skal ut på europaturné fra februar til april neste år, melder bandet i en pressemelding. I Norge er det Oslo Spektrum som får besøk av bandet 4.-5. februar 2022, før de europeiske scenene venter. Madrugada ble oppløst i 2008, men gjenforent i 2019. Billetter slippes onsdag 16. juni.

    Sivert Høyem i Madrugada på Norwegian Wood.
    Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK