Hopp til innhold

Forsvarssjefen om Førstegangstjenesten: – Eg gler meg veldig

Mange ligg i skyttargravene og ventar. I ettermiddag kl. 18 er det premiere på andre og siste sesong av «Førstegangstjenesten»i NRK TV. – Eg gler meg veldig, seier forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen

GLER SEG: Forsvarssjef Eirik Kristoffersen er i likskap med andre spent på andre og siste sesong av «Førstegangstjenesten».

Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

Om berre nokre få timar får vi eit gjensyn med «Førstegangstjenesten» av og med Herman Flesvig.

I serien følgjer vi fleire unge personar som kjem til ein norsk militærleir for å avtene førstegangstjenesten.

Ein av dei som ventar spent på den komande sesongen er forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

– Eg gler meg veldig til sesong to. Sesong éin var veldig morosam, og eg hadde også gleda av å møte Herman Flesvig hos Lindmo i fjor haust, seier han til NRK.

– Lett å kjenne seg igjen

Kristoffersen har lang erfaring frå Forsvarets spesialkommando, og har tenestegjort i Afghanistan i fleire periodar. I mai i fjor vart han utnemnt som forsvarssjef.

– Det er lett å kjenne seg igjen i dei gode vennskapa som oppstår når menneske møtest i militære avdelingar, fortel han om serien.

Herman Flesvig som Paul Jefferson i Førstegangstjenesten
Foto: NRK

Frå før er det kjent at Hollywood-stjerner som Aksel Hennie og Kristofer Hivju er med, samt Skam-stjerna Josefine Frida.

Men også kjente fjes som komikar Harald Eia og skodespelar Petronella Barker vil dukke opp i denne sesongen.

Petronella Barker har spelt i ei rekke norske seriar og filmar.

Auka rekruttering

Tidlegare i år kunne NRK melde at rekordmange vil studere i Forsvaret med søkarrekord ved Forsvarets høgskole (FHS).

Henning-A. Frantzen er rektor og sjef for Forsvarets høgskole.

INTERESSE: Generalmajor Henning-A. Frantzen trur program om forsvaret kan auke interessa.

Foto: Forsvaret

Generalmajor Henning-A. Frantzen, som var dåverande rektor og sjef for Forsvarets høgskole uttalte at han trur at populære seriar som «Kompani Lauritzen» og «Førstegangstjenesten» kan hjelpe på populariteten.

– Programma om Forsvaret skaper interesse for fleire og det er nok ein faktor som spelar inn, sa han den gongen.

Skråblikk og humor

Forsvarssjefen peiker også på at serien bidrar til interesse for Forsvaret, men han har eit lite atterhald.

– Karakterane er langt unna dei folka eg møter hos oss, understrekar han.

Generalmajor Eirik Kristoffersen blir ny forsvarssjef

HUMOR: Forsvarssjef Eirik Kristoffersen meiner organisasjonar har godt av å bli sett på med skråblikk.

Foto: Berit Roald

Likevel er Kristoffersen sikker på at mange andre i forsvaret også gler seg til denne sesongen:

– Alle organisasjonar har godt av å bli sett på med skråblikk og humor.

Sjå premieren på «Førstegangstjenesten» i NRK TV kl. 18.00.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober