NRK Meny
Normal

Forsvarar Bill Cosby etter overgrepstiltale

Bill Cosby får no støtte frå artisten R. Kelly, som sjølv måtte møte i retten etter at politiet fann bilete av mindreårige jenter i leilegheita hans.

R. Kelly

Artisten R. Kelly støttar Bill Cosby etter at han blei tiltalt for overgrep i romjula.

Foto: STUART RAMSON / AP

R. Kelly, som i 2002 blei skulda for sex med mindreårige, seier i eit intervju med GQ Magazine at han forstår situasjonen Cosby er i.

– Underleg

Bill Cosby

Bill Cosby er tiltalt for å ha dopa ned og misbrukt ei kvinne i 2004.

Foto: Brennan Linsley / Ap

I romjula blei Bill Cosby tiltalt for å ha dopa ned og seksuelt misbrukt ei kvinne i 2004. Dette er den første straffesaka mot komikaren etter at over 50 kvinner har stått fram og sagt at dei har blitt utsette for overgrep av Cosby. Mange av tilfella er forelda.

Fleire av kvinnene har gått til private søksmål for ærekrenkingar, misbruk og overgrep.

– Når eg ser på tv, og ser 70, 80, 90 år gamle kvinner snakke om kva som hendte då dei var 17, 18 eller 19, er det noko rart. Det er mi meining. Det er berre rart. Grunnen til at eg seier det, er at det hendte med meg også. Og det var ikkje sant, seier R. Kelly i intervjuet med GQ.

Frifunnen

Utsatt for overgrep

35 kvinner som skuldar Bill Cosby for overgrep stod fram på framsida til New York Magazine i fjor.

Foto: NTB Tema

Kelly blei arrestert i 2002 etter at det dukka opp ein video som skal vise han ha samleie med, og urinerer på, ei mindreårig jente. Politiet fann også 12 bilete av det som skulle vere mindreårige i heimen til Kelly. I 2008 blei han frikjent for skuldingane.

Han skal også ha gifta seg med den avdøde artisten Aaliyah i 1994, då ho var 15 år og Kelly 26. Ekteskapet blei annullert i februar 1995, sjølv om begge nekta for at det var inngått.

Når Kelly snakkar med GQ om det som skjedde etter rettssaka i 2008, seier han:

– Når ein person blir frifunnen, så er han frifunnen. Det har ingenting å seie kva slags sak det er. Når dei er uskuldige, så er dei uskuldige. Og eg trur det er mange som hatar meg der ute som vil sjå at eg dukkar under.

Bill Cosby er no ute av fengsel etter at han betalte ein kausjon på ein million dollar.