Første VM-gull som fjortenåring

I dag er det 80 år sidan Sonja Henie tok sitt første VM-gull i kunstløp på Frogner Stadion i Oslo.

Sonja Henie
Foto: NRK / NRK

I dag den 19. februar er det 80 år sidan ungjenta Sonja Henie (1912-1969) fekk sitt store gjennombrot. Då var ho berre 14 år.

Det var nok ikkje mange som visste kva som skulle skje med dama som denne dagen for 80 år sidan tok sitt første VM-gull i kunstløp.

Beste premie

-Ho byrja allereie som sjuåring, men som niåring gjekk ho sin første konkurranse, ein lokal konkurranse, det fortel Reidar Børjeson, som er leiar for Henie Onstad museet på Henie Onstadsenteret i Oslo.

- Dei ho då gjekk mot var dobbelt så gamle, men ho vant. Og ho fekk ei lita sølvskje, det blei hennar beste premie. Den hadde ho med seg heile livet, fortel Børjeson.

OL før VM

Sonja Henie på isen
Foto: Scanpix

Sonja Henie deltok først i OL, før ho deltok i VM på Frogner Stadion.

- Ho deltok for første gong i 1924. Ho fekk eigentleg ikkje lov til å delta fordi ho var for ung sa arrangørane, og det blei eit stort oppstyr.

Men pappa Henie ordna opp.

- Han hadde jo pengar, så han betalt for opphaldet til Sonja den gongen. Men dommarane kunne ikkje anna enn å plassere ho sist, fordi ho var så ung. Men ho var eigentleg ganske flink, fortel Børjeson.

 17 medaljar

Sonja Henie slutta på skulen allereie i fjerdeklasse, for å trene kunstløp på heiltid. Og då gjekk det berre framover for ungjenta.

I 1927 starta gullrekka som gjorde ho til den mest vinnande kunstløparen i tida.

Ho vant tre OL-gull (1928, 1932 og 1936), 10 verdsmeisterskap og seks EM på rad.

- Med NM blei det ca. 17 medaljar til saman, fortel Børjeson.

Filmstjerne

Sonja Henie var ikkje berre kunstløpar, men og ei veldig stor filmstjerne. Mange kjenner denne dama mest som akkurat det.

I 1936 avslutta ho ei karriere som idrettsutøvar og blei profesjonell artist. Mellom 1937 og 1956 var ho med på store isshow, både i USA og Europa.

Ikkje nok med det spelte ho og i glamorøse filmar, konstruert rundt isdans.

Sonja Henie
Foto: NTB / Scanpix

Gode pengar

Sonja Henie var i 1930 -40 åra blant dei største stjernene i Hollywood. På grunn av det var ho og den best betalte filmskodespelaren i verda.

Samtidskunst

På femtitalet var karriere til Sonja Henie over, og då kom interessa for samtidskunst.

Saman med ektemannen Niels Onstad oppretta dei ei stifting beståande av ei rik kunstsamling, og dei samla inn pengar til eit museum i Høvikodden i Bærum.

Stor dame

Sonja Henie reknast som ein direkte årsak til at kunstløp blei ein så stor idrett som den er i dag.

Og denne dama er truleg den mest berømte kvinna i norsk historie.

Høyr innslaget Reidar Børjeson her

Høyr intervju med Sonja Henie frå 1937

Les meir om Sonja Henie.