Hopp til innhold

Første kveld i Stjernekamp: – Dette er stjernekamphistorie!

For første gong fekk sjåarane servert jodling i Stjernekamp. Bjørn Tomren var blant dei som sjarmerte både dommarar og sjåarar.

Bjørn Tomren Stjernekamp 28. august 2021

JODLA: Bjørn Tomren bergtok både sjåarar og dommarar med jodlinga si i kveldens show.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Det kjennest bra. Litt nervar i forkant, men eg har hatt det kjekt og klarte å gjennomføra låten nokolunde, seier ein noko beskjeden Bjørn Tomren.

Spør ein sjåarane som stemte derimot, var framføringa hans ei av dei tre absolutt beste frå kvelden.

Ti spente artistar opna årets sesong med eit brak, i eit fellesnummer fullt av fargar og liv.

Jodlinga til Tomren var utan tvil noko av det som fanga dommarane også.

– Dette er stjernekamphistorie! Dette har me aldri hatt. Det er jodling på eksepsjonelt høgt nivå. Blandinga av kor bra kontroll du har på stemma og nysgjerrigheiten din trur eg kan bli eit megafarleg våpen i Stjernekamp, sa dommar Mona B. Riise.

Tomren er frå Tomrefjord, same stad som fjorårets vinnar, Knut Marius Djupvik. Han ugjer den eine halvdelen i duoen Polkabjørn & Kleine Heine.

Lengre nede i saka kan du sjå heile framføringa hans, men her kan du sjå litt av jodlinga:

Av NRK sin meldar fekk han terningkast seks. Resten av meldingane kan du lesa her.

«Halleluja!»

Ein annan favoritt blant nokre av dommarane og sjåarane, var Anna-Lisa Kumoji.

Ho har fleire års erfaring som både songar, skodespelar og musikalartist. I kveld framførte ho Proud Mary av Tina Turner, noko som tente på alle pluggar hos ein av gjestedommarane, Tshawe Baqwa.

Han var mildt sagt euforisk etter framføringa hennar, og såg ingen annan utveg enn å legga seg på dommarbordet og ropa gjentakande «halleluja!» medan han helte vatn over heile seg.

– Eg byrja å grine, eg blei så sett ut, Eg trudde ikkje det var mogeleg å få ein sånn respons, seier Kumoji, som var tydeleg rørt etter alle lovorda frå Baqwa.

Kumoji fortel at ho var nervøs for å framføra låten av legenda Tina Turner, og rørt over å bli ein av tre artistar med flest stemmer.

– Eg har vore litt redd for om folk vil akseptera min versjon. Og det å få aksept for det er ei stor lette, seier ho.

Anna-Lisa Kumoji Stjernekamp 28. august 2021

Anna-Lisa Kumoji framfører Proud Mary av Tina Turner.

Foto: JULIA MARIE NAGLESTAD / NRK

Kumoji fekk også terningkast seks av NRK sin meldar.

Ny sesong – med publikum

Gjestedommar i Stjernekamp, Sandra Lyng

Gjestedommar Sandra Lyng.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

I haust er det altså duka for nok ein sesong av Stjernekamp.

Kveldens dommarpanel bestod av Stjernekamp-veteran Mona B. Riise, Sandra Lyng, som blei nummer to i førre song, og eine halvdel av Madcon, Tshawe Baqwa.

Gjestedommar i Stjernekamp, Tshawe Baqwa

Gjestedommar Tshawe Baqwa.

Foto: JULIA MARIE NAGLESTAD / NRK

I år får du også høve til å bli litt betre kjent med stjernene gjennom bakomprogrammet Tett på stjernene. Her får ein følga artistane i kulissane i to episodar kvar veke.

I første program fekk artistane opptre i eigen sjanger. Sendinga gjekk direkte frå Screen Studios i Nydalen. Denne gongen med publikum!

Ingen av artistane røyk ut i kveld, men stemmene blir med vidare til neste sending. Det var Jorun Stiansen, Bjørn Tomren og Anna-Lisa Kumoji som fekk flest stemmer i kveld.

Du kan lesa meir om alle artistane her.

Sjå låtlista og panelets dom frå kveldens sending under!

1. Alexandra Rotan: Viva la Vida – Coldplay

– Åh, det var gøy! Sa ei lattermild og gira Rotan. Ho var aller første artist ut for sesongen, og imponerte utvilsamt dommarane.

– Er det éin ting me har lært, er det at me må leva livet, for me veit ikkje kva som skjer. Du er hundre prosent til stades og du er stødig som fjell, sa ei energisk Mona B. Riise.

Rotan har vore med i MGPjr tidlegare, og seinare også Idol. I 2019 vann ho MGP med gruppa Keiino.

Fra Stjernekamp 2021, egen sjanger.

2. Marius Roth: Caruso – Lucio Dalla

Seigmen-gitarist og operasongar Roth bergtok dommarpanelet, sjølv om både Lyng og Baqwa måtte vedgå at dei ikkje skjønte «eit pøkk» av orda han song.

– Eg blei heilt bergtatt inn i di verd. Eg sat og var mållaus, sa Lyng med stjerner i auga.

Fra Stjernekamp 2021, egen sjanger.

3. Heidi Ruud Ellingsen: Min tur – Frå musikalen Flashdance (2010) – norsk versjon Runar Borge (2018)

Den erfarne musikalartisten var i sitt rette element med denne songen.

– Eg er veldig sett ut, og veit ikkje heilt kva eg skal seia, for det var så j***** bra! Eg elskar det, sa Lyng.

Fra Stjernekamp 2021, egen sjanger.

4. Bjørn Tomren: Long Gone Lonesome Blues – Hank Williams

Tomren tok dommarane med storm i kveld med jodlinga si.

– Dette er stjernekamphistorie! Det er jodling på eksepsjonelt høgt nivå. Blandinga av kor bra kontroll du har på stemma og nysgjerrigheiten din trur eg kan bli eit megafarleg våpen i Stjernekamp, sa Riise.

5. Kevin Mbugua: 24K Magic – Bruno Mars

Mbugua starta som dansar, før han etter kvart tok til på ei artistkarriere.

Både Riise og Baqwa etterlyste å få høyra songstemma til Mbugua litt tydlegare. Men det mangla likevel ikkje på lovorda. Riise kalla stemma hans ei nydeleg, mjuk fløyelsstemme.

Baqwa håpar han får høyra meir av den «feite» stemma neste gong.

– Heilt sinnssjukt. Eg veit ikkje kor eg skal byrja, sa Baqwa, som var meir enn imponert over heile framføringa.

Fra Stjernekamp 2021, egen sjanger.

6. Carina Dahl: Always Remember Us This Way – Lady Gaga

Popartisten Dahl kunne røpa at ho hadde angra litt den siste veka på at ho sa ja til å bli med i Stjernekamp på grunn av nervar. Og dei skein litt gjennom i kveldens framføring, ifølge Riise.

– Du har ei sånn nydeleg fyldig stemme med den hesheten som er så deilig å høyra på. Du sa at di største utfordring er nervane. Du fal bitte litt under, men det skjønar eg, sa Riise og avslutta med:

– Du er ein heilt utruleg fin musikar og du syng så fint, så når du etter kvart får den lausheiten, skal berre kosa deg. Dette var kjempefin start.

Fra Stjernekamp 2021, egen sjanger.

7. Chand Torsvik: Levva livet! – Åge Aleksandersen & Sambandet

Trønderrockaren fekk ståande applaus frå Baqwa, som haldt fram med å ropa «leva livet» fleire gonger etter enda framføring.

– Du er jo ein liten nasjonalskatt. Så søt, varm. Det var heilt fantastisk, eg får lyst å vera ho du syng om, sa ei sjarmert Lyng.

Fra Stjernekamp 2021, egen sjanger.

8. Jorun Stiansen: Read All About It, Pt. III – Emeli Sandé

For Stiansen var det ekstra sterkt å synga i Screen Studios i Nydalen i kveld. Det er nemleg 16 år sidan ho stod i akkurat same studio i Idol.

Ho var i likskap med fleire av kveldens artisten skjelven av nervøsitet, noko dommar Lyng kunne relatera til.

– Gratulerer! Du har vunne. Eg kjenner nervøsiteten din, og eg er så sjukt stolt over deg. Eg føler det du føler no. Men i kveld så vann du, du vann over frykta di, og det er det største ein kan gjera i livet. Du song «I'm not afraid», og du var så sterk der du stod, sa ho inderleg til ei rørt Stiansen.

Stiansen var blant dei tre artistane som fekk flest stemmer av sjåarane.

Fra Stjernekamp 2021, egen sjanger.

9. Fredrik Domaas: Du gav mæ viljestyrke – Kristian Kristensen

Bergensaren song på TV for første gong i kveld, og imponerte dommarpanelet.

– Du er ein vindunderleg, fantastisk vokalist og artist. Fy søren som du syng med den varleiken og intensiteten. Eg er så glad for at Noreg får sjå det på TV, sa Riise.

10. Anna-Lisa Kumoji: Proud Mary – Tina Turner – originalversjon Creedence Clearwater

Kumoji avslutta kvelden med eit bra, og gav alle dommarane hakeslepp.

– Kva var det me vitna her? Du er jo ei stjerne, du skal jo vera fremst! Du er jo heilt magisk, sa Lyng med stor iver.

Fra Stjernekamp 2021, egen sjanger.

Kulturstrøm

  • Sangtekster har blitt enklere, mer repeterende, aggressive og selvopptatte

    Et team av europeiske forskere har analyserte ordene i mer enn 12.000 engelskspråklige sanger, på tvers av sjangrene rap, country, pop, R&B og rock fra 1980 til 2020.

    Ifølge studien, som ble publiser torsdag, har sangtekster blitt enklere og mer repeterende. Tekstene har også blitt mer aggressive og selvopptatte i løpet av de siste 40 årene, skriver The Guardian.

    En av forskerne bak studien, Eva Zangerle, understreker at sangtekster kan være et «speil av samfunnet», som gjenspeiler hvordan en kulturs verdier, følelser og opptatthet endrer seg over tid. Studien trakk ikke frem hvilke artister funnene gjaldt.

    Sangtekster
    Foto: AP
  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)