Hopp til innhold

Forskings-Noreg viser fram kule ting

Universitetet i Bergen utfordra norske museum og forskingsinstitusjonar til å vise det kulaste dei har i samlinga. Og dei fekk svar.

Van de Graaf-reaktor i Bergen

KUL DINGS: Universitetet er stolte over å ha den einaste Van de Graaff-generatoren i friluft i verda. Og oppmoda andre forskingsinstitusjonar i Noreg til å vise sine kule dingsar.

Foto: Twitter

Norske museum og forskingsinstitusjonar har magasin og lager fulle av saker og ting som mange ikkje er klar over. For å få ein del av desse tinga fram i lyset, utfordra Universitetet i Bergen institusjonane til å vise fram dei kulaste dingsane dei har.

UiB la sjølve ut eit bilete av Van de Graaff-generatoren dei fekk bygd i 1950, og som framleis er i bruk.

Laster Twitter-innhold

Inspirasjonen har dei henta Storbritannia der både museum og katedralar har ført venskaplege kappestridar på Twitter. Og responsen har vore enorm, seier kommunikasjonsrådgjevar Torill Sommerfelt Ervik ved UiB.

– Vi er kjempeglade for at så mange vil vise fram dei kule dingsane dei har. For oss er dette også ein måte å drive forskingsformidling på, og gjere det på ein annan måte.

Fram frå hyllene

For å få litt fart på kampanjen, allierte universitetet seg med Bjerknessenteret. Kommunikasjonsrådgjevar ved Bjerknessenteret, Andreas Hadsel Opsvik, seier han tente straks på ideen då universitetet tok kontakt.

– Eg synest det er synd at ting ofte blir liggande i hyller og arkiv lite tilgjengelege for folk. Målet er å få vist fram desse tinga, og då er Twitter ein morosam arena å få gjort det.

I tillegg peikar han på at dette også er ein måte å få til ein uformell diskusjon mellom institusjonane, som når Bjerknessenteret og NTNU samanliknar lengdene på Focault-pendlane sine.

Laster Twitter-innhold

Åge Aleksandersen

Det kjem inn stadig nye bidrag i Twitter-tråden. Men blant alle dei innsende bidraga så langt, har både Ervik og Opsvik ein klar favoritt: NTNUs Adam-figur frå 1600-talet som ser ut som Åge Aleksandersen.

Laster Twitter-innhold

– Det er utan tvil, med mange hestehovud, den mest morosame så langt. Det er mykje anna fint som er lagt ut, men eg lo lenge då eg såg NTNU legge ut bilete av den figuren, seier Andreas Hadsel Opsvik.

NTNU har i tillegg lagt ut blant anna eit krusifiks med trønderbart og det som var den kraftigaste datamaskinen i Noreg i 1992, med innebygd skai-sofa.

Laster Twitter-innhold

Etter kvart har fleire andre universitet, arkiv og Stortinget kasta seg på med kule dingsar. Torill Sommerfelt Ervik ved UiB håper dei held fram med å dele til langt ut i neste veke. Det bør vere nok å ta av.

– Vi har sjølv mange kule dingsar på lager, for å seie det slik, seier ho.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.