Forskarar stiller diagnosen til Mona Lisa etter 500 år

Har du tenkt på kvifor Mona Lisa, modellen på eitt av dei mest ikoniske måleria i verda, har gulaktig hud? No meiner amerikanske forskarar at dei har funne svaret.

Mona Lisa (Leonardo da Vinci)

Amerikanske forskarar har slått fast at Mona Lisa hadde unormalt låg hormonproduksjon i skjoldbruskkjertelen. Ei årsak kan vere at ho nyleg hadde fødd eit barn.

Foto: SWNS.com / SWNS

Måleriet Mona Lisa av Leonardo da Vinci er eitt av dei mest vidkjende og mest omtalte kunstverka i historia. Forskarar har opp gjennom hundreåra sidan 1500-talet prøvd å finne svaret på ikkje berre det gåtefulle smilet , men også andre trekk i ansiktet hennar.

Og du kan berre gløyme enkle forklaringar som at det hadde med kva utval av fargar universalgeniet frå Firenze hadde tilgjengeleg då han skapte meisterverket. At han brukte ekstra mykje gult fordi han ikkje hadde meir brunt, til dømes.

Skjoldbruskkjertelen

Mona Lisa reproduksjon.

Ein mann ser på ein reproduksjon av «Mona Lisa» på ei utstilling i Tyskland i 2014.

Foto: Martin Meissner / AP

Dei to amerikanske forskarane Mandeep Mehra frå Brigham and Woman's Hospital og Hilary Campbell frå University of California har granska måleriet på nytt, og dei har spesielt merka seg den gulaktige huda til modellen Lisa Gheradini.

Dei har presentert resultatet i det medisinske tidsskriftet Mayo Clinic Proceedings .

Dei meiner den mest sannsynlege forklaringa på gulfargen er at Mona Lisa hadde unormalt låg hormonproduksjon i skjoldbruskkjertelen. Dei har også merka seg at håret hennar har vorte tynt, og at ho også har teikn på struma.

– På mange måtar er det fasinasjonen av det uperfekte, sneven av sjukdom, som gir dette meisterverket kombinasjonen av mystisk sjarm og realisme, seier Mandeep Mehra til nyheitsbyrået Ansa . Han viser til tidlegare teoriar om at Mona Lisa hadde ein hjartesjukdom, noko forskaren meiner er lite sannsynleg.

Då ville ho mest sannsynleg ha døydd på eit tidlegare tidspunkt, seier han.

Louvre-museet «kledde» Mona Lisa i fransk landslagsdrakt – italienerne i harnisk

Jodmangel

Mehra trur årsaka til Mona Lisa sine sjukdomar har noko med kosthaldet å gjere, og at ho langt frå var åleine om å ha slike symptom.

– Kosthaldet til italienarane under renessansen var prega av mangel på jod. Dette førde ofte til struma. Det er noko vi kan sjå igjen i mange måleri og skulpturar frå denne perioden, seier han.

I tillegg viser han til at Mona Lisa nyleg hadde fødd eit barn då ho sat modell for den store meisteren Leonardo da Vinci. Det gjer det sannsynleg at ho hadde ein betennelse i skjoldbruskkjertelen som følgje av graviditeten, meiner han.

Det er ikke det brede smilet som vinner

Høy vannstand i Paris: Louvre-museet stenger deler av bygget

Kulturstrøm

  • Avslører ny sesong av «The Crown»

    Lørdag kveld avslørte strømmegiganten Netflix at femte sesong av den populære serien «The Crown» slippes om ett års tid. Imelda Staunton, som blir den neste skuespilleren i rekken som tar på seg rollen som dronning Elizabeth II, kunngjorde nyheten.

    – Vi gleder oss til å gi deg neste sesong av «The Crown» i november 2022, sier hun i en video fra publisert på dem offisielle Twitter-kontoen til Netflix.

  • Fengsel for van Gogh-tjuv

    Ein mann er dømd til åtte år i fengsel i Nederland for å stole to verk av Vincent van Gogh og Frans Hals.

    Kunstverka har ikkje kome til rette.

    Tjuven blei avslørt av DNA-spor, og han har tidlegare vore dømd for kunsttjuveri.

    Mannen nektar straffskuld.

    Begge måleria er svært verdifulle og har truleg ein verdi på fleire millionar euro.

  • Varslar opptrapping i streiken

    Dersom den tvungne meklinga 30. september ikkje fører fram, trappar LO Stat opp kulturstreiken.

    Då har streiken vart i fire veker, og ytterlegare 249 tilsette kan bli tekne ut i streik.

    Streiken har blant anna ført til at fleire framsyningar og konsertar er avlyste.

    Dei streikande krev blant anna lik pensjon for menn og kvinner.

    Dersom streiken blir trappa opp, vil 805 kulturtilsette vere ute i streik.