Hopp til innhold

Forskar kritisk til medias bruk av meiningsmålingar

Medieforskar Bente Kalsnes meiner det blir vanskelegare for folk å bestemme seg for kva dei skal stemme, når det er oppturar og nedturar på målingane som kjem i fyrste rekke.

Bente Kalsnes

MÅLINGANE TEK FOR MYKJE MERKSEMD: Medieforskar Bente Kalsnes er kritisk til medias bruk av meiningsmålingar i denne valkampen.

Foto: Sonja Balci / HiOA

– Det blir meir fokus på strategi, politisk spel og samarbeidspartnarar, altså ting det eigentleg ikkje går an å avgjera før etter valet.

Bente Kalsnes er fyrsteamanuensis ved Institutt for journalistikk og mediefag på Høgskolen i Oslo og Akershus. Ho ser ein tendens til at media lar valkampen dreie seg for mykje om meiningsmålingar, medan dei politiske sakene kjem i bakgrunnen. Blant anna trekkjer ho fram alle sakene rundt Arbeidarpartiet sitt fall på målingane.

Dette kan gjera det vanskelegare for veljarane, meiner ho.

– Det blir mindre merksemd rundt sakene og skilnadane mellom partia. Det kan gjera det vanskelegare for veljarane å skulle orientere seg om dei store politiske spørsmåla.

– Premissen er feil

Karianne Solbrække TV 2

HAR BLITT FÆRRE MÅLINGAR: Karianne Solbrække i TV2 meiner meiningsmålingane utgjer ein liten del av den totale valkampdekninga.

Foto: TV 2

Nyheitsredaktør i TV2, Karianne Solbrække, fortel at dei publiserer færre meiningsmålingar i år enn dei har gjort ved tidlegare val. Denne veka har TV2 målingar kvar dag, veka før hadde dei fem målingar, og veka før der att hadde dei to målingar.

– Premissen til Bente Kalsnes er feil, for det er faktisk ikkje fleire målingar enn før.

Solbrække seier at sjåarane set pris på målingane som kjem, men meiner at dei utgjer ein liten del av heile bildet.

– Totalt sett har vi ei meir omfattande valdekning enn nokon gong før. Målingane er viktige for oss, men er ikkje ein stor del av dekninga.

Handlar om presentasjonen

Bente Kalsnes seier at Solbrække nok har rett i at dei har færre målingar, dersom ein ser isolert på det. Men det totale inntrykket er at målingane i stor grad styrer valkampdekninga på grunn av presentasjonen.

– Når dei sakene kjem på framsida, som mobile nyheitsvarsel eller er fyrst i fjernsynssendingane, får ein inntrykk av at dette er den store, viktige saka.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.