Forfattar Per Marius Weidner-Olsen fortel at prosessen med å inngå kontrakt med Oktober gjekk raskt. Han var begeistra over at forlaget tok kontakt så kort tid etter at han sendte inn manuset sitt.
– Det var aldri på noko tidspunkt snakk om å fjerna eller endra innhald på grunn av innhaldets delikate natur inn mot etikk eller jus, bortsett frå nokre små detaljar foreslått av meg, seier han og legg til at han stolte på forlaget sin kompetanse.
Han meiner forlaget burde ha skulert han betre, og sikra seg om at han forstod innhaldet i kontrakten før dei signerte.
Tidlegare denne månaden kunne NRK fortelja at forlaget Oktober braut med forfattaren. Det gjorde dei etter at det blei kjent at han hadde ein straffedom han ikkje opplyste om. Forlaget meinte at tematikken i dommen og romanen var overlappande, og dermed burde blitt opplyst om.
– Ikkje uvanleg blant debutantar
Samarbeidet mellom debutforfattaren og forlaget starta i desember i 2019. Weidner-Olsen beskriv denne tida som euforisk lykke.
Ifølge han sjølv, ringde forlaget berre tre timar etter at han hadde sendt dei manuset til boka for første gong.
Fire arbeidsdagar seinare møttest dei til det Weidner-Olsen trudde skulle vera ein samtale om manuset. På slutten av møtet fekk han presentert ein kontrakt.
– Eg drog ikkje inn til møtet for å skriva kontrakt. I mitt hovud drog eg inn for å snakka om boka, seier Weidner-Olsen.
Han legg til at forlaget tilbydde han å ta med seg kontrakten heim før han signerte, men at han signerte der og då.
– Eg signerte som den euforiske, stolte og glade debutanten eg var. Dette blir rekna som eitt av verdas fremste forlag. Dei tilbyr ein debutant kontrakt fire dagar etter at dei har fått manuset. Og når eit slikt forlag tilbyr det, signerer du, seier han.
Kontraktprosessen mellom Oktober og Weidner-Olsen er samanfallande med korleis dei fleste andre debutantar opplever det, ifølge advokat Hans Marius Graasvold i Advokatene Graasvold og Stenvaag.
– Eg har etterlyst lenge at forlaga i mykje større grad snakkar med forfattarane sine om jus og etikk, og oppfordrar dei til å gjera etiske og rettslege vurderingar rundt eige manus. Det har eg på ingen måte inntrykk av at dei har gjort her, seier Graasvold.
GRUNDIG: Advokat Hans Marius Graasvold meiner Oktober burde vore grundigare i prosessen med kontraktsignering.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixForlaget oktober skriv dette i ein e-post til NRK:
«Vi hadde en vanlig grundig redaksjonell prosess i arbeidet med denne romanen, og våre rutiner har stått seg godt over tid. Ut over det er det ikke naturlig å kommentere offentlig dialogen vi har med våre forfattere. Weidner-Olsen fikk tilbudt og inngikk en normalkontrakt, som benyttes av alle norske skjønnlitterære forfattere. Vi mener at han ikke har forholdt seg til opplysningsplikten i denne kontrakten, hverken da den ble inngått eller underveis i arbeidet med utgivelsen».
Overlappande tematikk
Graassvold har forståing for at forlaget meiner at Weidner-Olsen burde ha opplyst dei om dommen og latt dei gjera si eiga vurdering.
– Eg synest at forfattarar også har eit visst ansvar, men det er stor forskjell på ein skjønnlitterær debutant og eit forlag. Og kanskje spesielt Forlaget Oktober som jo nærast har spesialisert seg på å gi ut såkalla verkelegheitslitteratur, og som betre enn mange andre burde vera spesielt opptatt av, og kjent med dei etiske og rettslege problemstillingane rundt denne typen utgivingar.
Vidare skriv Oktober dette i ein e-post til NRK:
«Det fins et overlapp mellom bokas tematikk og det forhold forfatteren er dømt for, som gjør at partier i boka kan leses i et annet lys. Dette er høyst relevant informasjon for oss, som forfatteren skulle opplyst oss om slik at vi kunne tatt de nødvendige etiske vurderingene vi må ta som ansvarlig utgiver.»
Weidner-Olsen meiner det ville hatt betyding dersom forlaget gjekk grundigare gjennom kontrakten med han.
– Eg trur eg ville ha tenkt at dei etiske og prinsipielle grunnane mine for ikkje å opplysa (om dommen, journ.mrk.) kanskje hadde hatt ei juridisk side om dei hadde gått gjennom kontrakten på ein skikkeleg måte.
– Er du open for ideen om at det å opplysa om dommen kanskje var det rette å gjera?
– Det er jo hypotetisk, men gitt den dramatiske avslutninga som romanen fekk i ettertid, så kanskje. Men grunnane mine veg samstundes tungt. Forlaget har i ettertid opna for både å kontakta fornærma (i domme, journ.mrk.), endra romanen eller ikkje gi han ut om dei hadde visst om dommen, så eg synest grunnane mine står seg. Men eg forstår forlaget sitt behov for å vita, seier han.
BROT: Romanen fekk strålande kritikk då han kom i juli. Etter at forfattaren sin dom blei kjent, braut forlaget samarbeidet med han.
Foto: Ola Hana / NRK– Burde blinka fleire varsellampar for forlaget
Advokat Graasvold seier at tilbakemeldinga han får frå forfattarar er at det blir snakka lite om jus og etikk.
– Mi erfaring er at forlaga jamt over ikkje snakkar noko særleg med debutantane sine om verken etiske eller juridiske problemstillingar.
Han understrekar at forlaga har eit stort ansvar overfor alle forfattarane sine, men spesielt overfor debutantane sine.
– Dette er jo ei bok som også er ein oppvekstroman, og verkelegheitslitteratur. Eg synest det burde ha blinka fleire varsellampar for forlaget, som burde ha gjort at dei også tok opp dette med forfattaren. Dette gjeld i endå større grad dersom dei meinte det var grunnlag for å heva forlagsavtalen om dei ikkje fekk slike opplysningar frå forfattaren, seier Graasvold.
- Les også:
- Les også:
- Les også: