Forfattarar vil ut av Google Books

6.500 forfattarar, forleggarar og litterære agentar har sagt nei til å delta i det gigantiske digitaliseringsprosjektet til Google.

Zadie Smith

Forfattar Zadie Smith er mellom forfattarane som seier nei til avtalen med Google.

Foto: Sergio Dionisio / Scanpix/AP

Blant dei som har bestemt seg for å takke nei er Zadie Smith, Thomas Pynchon og Jeanette Winterson, Bret Easton Ellis, James Frey, Monica Ali og forvaltarane av bua etter Rudyard Kipling, Nevil Shute og Roald Dahl, skriv The Guardian .

Forfattarar som ikkje vil at bøkene deira skal verte tilgjengelege i digitaliseringsprosjektet var nøydde til å la høyre frå seg til ein domstol i USA før 28. januar i år. No er dommaren i gang med å vurdere avtalen.

Lang prosess

I 2005 gjekk interesseorganisasjonane for amerikanske forfattere og forlag – the Authours Guild og the Association of American Publishers (AAP) – til søksmål mot Google. Slik ville dei prøve å setje ein stoppar for planane til Google om å digitalisere og vise utsnitt av kopibeskytta bøker, og dele gratis digitaliserte bokkopiar med amerikanske bibliotek utan eksplisitt tillating frå dei som har opphavsretten.

Google og dei to interesseorganisasjonane inngjekk eit hausten 2008 eit forlik, der Google måtte ut med 125 millionar til oppretting av eit register over bokrettar, og til å løyse andre krav og å dekkje rettsutgifter.

Det første forliket møtte motstand, og ei revidert utgåve av avtalen vart lagt fram hausten 2009.

Domstolen avgjer

Men det amerikanske justisdepartementet, nettbokhandelen Amazon og fleire forfattarorganisasjonar var ikkje nøgde med det reviderte forliket. Dei fryktar at denne avtalen vil gje Google monopol på online-bøker.

Difor skal dommar Judge Chin no skal vurdere om den reviderte avtalen er lovleg.

Den amerikanske dommaren har uttalt at det kjem til å ta tid før han kjem med noka rettsavgjerd, sidan domstolen har motteke meir enn 500 skriftelege innlegg. Av rettsdokumenta går det fram at meir enn 6.500 forfattarar ikkje vil vere med.

Kulturstrøm

  • NRK vann pris for klimaprosjekt

    NRK.no vann European Digital Media Award for prosjektet Din klimaframtid, i kategorien «beste nyheitsnettstad eller mobilteneste».

    Prosjektet gir lesarene moglegheita til å sjå kva klimaendringar som kan bli gjeldande i deira kommune, basert på norsk og internasjonal forsking.

    – «Din klimaframtid» gir lesarane ei omgjengeleg, men likevel utruleg detaljert kjelde til å forstå potensielle effektar av klimaendringar, ikkje som eit breitt eller overveldande tema, men i sine eigne lokalsamfunn, står det i grunngjevinga.

    Dommarane meiner dette er eit «forbløffande journalistisk arbeid og eit historisk dokument for landet».

  • Tar kritikk for Utøya-artikkel

    Aftenposten tar selvkritikk for en artikkel om hendelsene på Utøya-fergen MS Thorbjørn publisert i januar 2012.

    Etter terrorangrepet 22. juli 2011 ble det fremmet spekulasjoner om fergens rolle, blant annet ved at AUF-leder Eskil Pedersen flyktet.

    I en kommentar fra nyhetsredaktør Tone Tveøy Strøm-Gundersen, erkjenner avisen at saken kunne ha blitt løst på en bedre måte.

    Aftenposten beklager bruken av lekkede avhør og mangelfull kommunikasjon med de overlevende som siteres i saken, deriblant Lars Fjærli Hjetland.

    «Vi beklager at artikkelen ble løst slik, og at det har vært en tilleggsbelastning for Hjetland og andre om bord,» skriver Strøm-Gundersen.

    Flere medier, deriblant Dagens Næringsliv, har beklaget saker de hadde på trykk i kjølvannet av terrorangrepene 22. juli 2011.