NRK Meny
Normal

Føreslår englefrie julesongar

Human-Etisk Forbund har laga ei liste over julesongar utan kristent innhald til bruk i skulen. KrF-politikar meiner lista skaper unødvendig uro i skule-Noreg.

Julepynt

Human-Etisk Forbund har laga ei liste over julesongar som er frie frå englar og anna religiøst innhald.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Human-Etisk Forbund håper at julesongar utan religiøst innhald kan vere eit bidrag til at også barn frå alle religionar og livssyn skal kunne delta i julemarkeringar på skulen, og kjenne seg som del av eit fellesskap.

Stortingsrepresentant Hans Olav Syversen ( Krf)

Hans Olav Syversen (Krf)

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Difor har dei laga ei liste over julesongar som ikkje har ein kristen bodskap, skriv Aftenposten i dag. Der finn vi mellom anna «På låven sitter nissen», «Snømannen Kalle» og «Bjelleklang».

– Problemet er angrepet som igjen kjem frå Human-Etisk Forbund på skulegudstenesta. Lista med godkjende julesongar sett frå Human-Etisk Forbund sitt syn er eit ledd i dette, og skaper veldig mykje uro rundt omkring i skule-Noreg, seier Hans Olav Syversen, stortingsrepresentant for KrF.

– Dette er ikkje eit forslag om å fjerne alt kristent innhald frå jula, svarer Hans Christian Nes, rågjevar for skule og utdanning i Human-Etisk Forbund.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Seier seg sjølv

Hans Christian Nes

Hans Christian Nes, Human-Etisk Forbund.

Foto: Human-Etisk Forbund

Svært mange i Noreg ser jula meir som ein familefest, enn ei religiøs høgtid, påpeiker Hans Christian Nes. Lista vart laga fordi lærar tok kontakt med Human-Etisk Forbund, med eit ynske om julesongar som ikkje hadde eit religiøst innhald.

– Ein skal sjølvsagt kunne syngje kristne songar også, mange av dei er vakre og flotte, men det er mange ulike grunnar til å feire jul.

Hans Olav Syversen (KrF) synest derimot at det er heilt naturleg at julesongane har eit kristent innhald.

– Det er jo faktisk er kristen høgtid vi feirer, så det synest eg seier seg sjølv.

At ikkje-kristne skuleelevar vil oppleve det som lite inkluderande å syngje kristne julesongar i skulen, har ikkje Syversen tru på.

– Eg trur dei fleste kan syngje ein julesong eller to som minner om kva jula faktisk handlar om, utan at dei kjenner seg diskriminerte eller synest det er problematisk. Dette er noko Human-Etisk Forbund lagar mykje bråk om utan at det er grunnlag for det.

Blanding av tradisjonar

Hans Christian Nes gjev Hans Olav Syversen har rett i at mange av juletradisjonane har med religion å gjere, men han er ikkje samd i at jula berre er ei kristen høgtid.

– Julefeiringa er eit samansurium av tradisjonar, seier Nes.

Lista over ikkje-kristne julesongar er meint som eit alternativ for lærarar som vil ha ei mangfaldig julemarkering, seier Nes.

Ferske tal fra Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at 449.900 personar (9,3 prosent av folketalet) i Noreg er medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Vel halvparten av desse, 55 prosent, er medlemmer i andre kristne trussamfunn.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.