Hopp til innhold

Fører hallingtradisjonane vidare

Margit Myhr (23) frå Torpo i Hallingdal vekslar gjerne mellom ulike instrument og uttrykksformer, men ikkje mellom stilartar. – Den tradisjonelle folkemusikken står framleis sterkt i seg sjølv, seier ho.

Margit Myhr

Margit Myhr med langeleik under konsert i Sunne. Ho spelar også hardingfele og lyre.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Margit Myhr vert rekna som ei av dei mest talentfulle songarane innan norsk folkemusikk, og i vår kom ho med sitt første album med folkemusikkgruppa Firil, «Smile som sumarsole».

Les: Høyr dei nye norske stemmene

Men i år har songaren frå Torpo i Hallingdal teke pause frå musikkstudia ved Ole Bull-akademiet på Voss for å studere forteljande teater i Sunne i Värmland, og spele i «Nils Holgersson»-framsyninga ved Västanå teater.

Høyr: Radioreportasje om Margit Myhr

– Landskappleik like viktig som jul

Margit vaks opp med folkemusikk som ein viktig del av kvardagen, og både foreldra og dei to systrene hennar er aktive folkemusikarar og -dansarar.

– Eg var med dei på alle slags festivalar og kappleikar, fortel Margit Myhr.

– Landskappleiken, NM i folkemusikk, var til dømes like viktig som jul. Der fekk eg springe rundt som eg ville med brusflaske i handa. Om dagen høyrde vi på alle dei flinke som konkurrerte og om kvelden fekk vi vere med på dans. Eg møtte også mange som var interessert i det same som meg sjølv.

Framleis er Landskappleiken like viktig som jul for 22-åringen:

– Vi har førestillingsfri fredagen under Landskappleiken, så då skal eg råkøyre til Røros og delta der i pardans. Å vere med der er noko av det artigaste eg veit om!

Margit Myhr

Margit Myhr som Dunfin i «Nils Holgersson».

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Har vidareført eigenskapane til foreldra

– Gunnlaug Lien Myhr er ei av landets kvedardronninger, og Martin Myhr er ein av dei beste dansarane vi har her til lands, fortel folkemusikkjournalist Aaste Kveseth om Margits foreldre.

– Margit har vidareført eigenskapane til foreldra. Ho er ein kjempeflink dansar, brukar dans når ho på scenen, og ho er ein svært dyktig kvedar.

Det er ikkje tilfeldig at Margit har valt å bu eit halvår akkurat i Sunne – det står nemleg solide folkemusikalske krefter bak framsyningane ved Västanå teater, med regissør og folkemusikar Leif Stinnerbom i spissen.

– Ho er eit stort multitalent

Leif Stinnerbom jobba i lag med Margit då ho hadde hovudrolla i folkemusikkspelet «Liti Kjersti». Margit ønskjer også å kunne kombinere teater og folkemusikk i sine framtidige prosjekt.

– Margit er eit stort multitalent, som både spelar instrument, syng og er ein veldig dyktig skodespelar, seier Leif Stinnerbom.

– Hennar største styrke som songar er ei fantastisk rytmisk evne, ho uttrykkjer fint rytmen i hardingfela når ho trallar til dans, til dømes. Og når ho syng med tekst, formidlar ho ei historie, svært medviten om kva ho syng.

Høyr Margit tralle springaren «Asle Myro»:

– Mamma har funne fram alt frå Hallingdal

Dei fleste av songane på repertoaret til Margit er henta frå Hallingdal, og ho kan takke mora si for breidda i songutvalet:

– Det kjennest mest naturleg at ein syng og spelar musikken frå sitt eige distrikt, sjølv om det jo er mange som prøver seg på andre tradisjonar, seier Margit Myhr.

– Mamma har funne fram nesten alt vi veit om av vokalmateriale frå Hallingdal frå ulike arkiv, med notar og lydopptak. Så for meg er det berre å plukke ut det eg vil ha hjå henne.

Ho reknar seg sjølv som tradisjonell i musikkstilen, og har ingen erfaring med eller planar om sjangeroverskridande samarbeid:

– Eg er veldig glad i vokalmaterialet frå Hallingdal slik det er i seg sjølv. Songane og melodiane held i massevis og står sterkt slik dei er, i alle fall for meg. Førebels kjem eg nok til å halde fram i det tradisjonelle sporet.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober