Hopp til innhold

Forbrukartilsynet reagerer på marknadsføring av kosmetiske behandlingar

Fleire bloggarar og klinikkar som utfører kosmetiske behandlingar, har fått brev frå Forbrukartilsynet: – Massivt med reklame for kosmetiske behandlingar.

Elisabeth Lier Haugseth

Direktør i Forbrukartilsynet Elisabeth Lier Haugseth reagerer på massiv reklame for kosmetiske behandlingar.

Foto: Forbrukertilsynet

Forbrukartilsynet har gjennomført ein tilsynsaksjon mot påverkarar og klinikkar som tilbyr kosmetiske behandlingar. Formålet var å undersøke omfanget av reklame for kosmetiske behandlingar og produkt.

Tilsynet sjekka påverkarar med mange følgjarar på nett, og klinikkane som samarbeidde med desse. Resultatet av undersøkinga viser at omfanget er stort.

– Vi ser at det er massivt med reklame for kosmetiske behandlingar. Det kan vere tatovering av augebryn og neglebehandlingar, men også injeksjonar av ulikt svar, seier direktør Elisabeth Lier Haugseth i Forbrukartilsynet.

Tilsynsaksjonen er ei oppfølging av arbeidet som blei starta i fjor, der tilsynet såg på korleis reklame i sosiale medium bidrog til kroppspress blant unge.

Sophie Elise Isachsen i debatt etter bloggbråket

Sophie Elise Isachsen i debatt etter bloggbråket

Har sendt brev

I kjølvatnet av granskinga Forbrukartilsynet no har gjort, har seks påverkarar og seks klinikkar fått brev der dei blei gjort merksame på kva reglar som gjeld når dei marknadsfører seg i kanalar der det er barn til stades.

– Overfor klinikkane har vi peika på at marknadsføring av kosmetiske behandlingar kan vere i strid med marknadsføringslova. Vi har også gjort dei merksame på at dei også har eit ansvar når dei brukar ein tredjepart, som vi kan seie ein påverkar er, seier Haugseth.

Også påverkarane er gjort merksame på at dei har eit ansvar når dei har mange unge følgarar.

– Vi ønsker større bevisstheit rundt påverkingskrafta desse påverkarane har på følgarane sine, men også kva påverkingskraft marknadsføring av kosmetiske behandlingar kan ha, og at det kan føre til kroppspress.

Skal vi Danse deltakerne

Ei av dei som har fått brev frå Forbrukartilsynet er Sophie Elise Isaksen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Debatt om kroppspress

Ein av påverkarane som har fått brev frå Forbrukartilsynet er bloggaren Sophie Elise Isachsen.

Den siste veka har ho og bloggarkollega Kristin Gjelsvik vore i ein debatt om kroppspress etter at Gjelsvik reagerte på ein bloggpost der Isachsen skreiv at ho hadde fått tatovert på seg hårstrå fordi ho hadde kompleks for eit høgt hårfeste.

I brevet frå Forbrukartilsynet kritiserer dei Isachsens samarbeid med Eger Skinclinic.

Sophie Elise Isachsen skriv i ein SMS til NRK at ho ikkje ynskjer å kommentere brevet frå Forbrukartilsynet før ho har fått snakka med tilsynet sjølv.

Annkarin Jungsted i Eger Skinclinic seier følgande i ei utsegn til NRK:

– Vi har fjerna all reklame vi har hatt i samarbeid med Sophie Elise Isachsen som er i den juridiske gråsona. Vi ventar på ytterlegare dialog med Forbrukartilsynet.

Kristin Gjelsvik og Sophie Elise Isachsen møtes i Debatten

Kristin Gjelsvik og Sophie Elise Isachsen møtes i Debatten

I Debatten på NRK tysdag sa Isachsen at ho angra på innlegget Gjelsvik har kritisert:

– Eg er samd i at eg kunne spart meg for det innlegget. Det var ikkje gjennomtenkt. Der legg eg meg heilt flat. Eg tenkte ikkje at det kom til å påverke nokon på den måten.

Dei som følgjer Isachsen har fått vite om ulike inngrep og innsprøytingar ho har gjort.

Men ho avviser at ho har presentert plastikk kirurgi som ei løysing for å få det bra med seg sjølv.

– Eg har vore veldig open om at det ikkje har gjort meg lukkeleg. Lesarane mine har vore med meg på ei reise frå eg var 16 år og fram til i dag. Dei har sett at eg har tatt silikonpuppar og fått større rumpe for å finne lukka, men altså: I'm still struggling.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.