Hopp til innhold

Forbrukarombodet vil kontrollere nettaviser

I år vil Forbrukarombodet kontrollere at norske medier følger marknadsføringslova, etter at betalt innhald har blitt ei stadig viktigare inntektskjelde.

Forbrukerombud Gry Nergård

Forbrukarombod Gry Nergård vil sjekke om media følger lova når dei skriv betalte artiklar.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

I jakta på nye inntektskjelder har stadig fleire mediehus gitt seg i kast med såkalla innhaldsmarknadsføring. Det vil seie at dei lagar reklame som til forveksling kan likne på dei redaksjonelle artiklane.

Slik reklame skal merkast godt slik at lesarane kan klare å skilje mellom reklame og redaksjonelt innhald. Men der har norske mediehus mykje å gå på, meiner forbrukarombod Gry Nergård:

– Det som ser ut til å vere ei utfordring, er at mange ikkje har teke inn over seg at dei no lever i eit regime som gjeld for reklamebransjen. Det vil seie at marknadsføringslova gjeld.

Skjult reklame

Innholdsmarkedsføring

VG blei felt i PFU for dårleg merking av samarbeidet dei har med REMA 1000.

Foto: Oddvin Aune, NRK

Den siste tida har skjult reklame i bloggar fått mykje merksemd. I fjor gjorde forbrukarombodet ein stikkprøvekontroll av 40 av dei mest populære bloggane. Rundt halvparten av dei hadde for dårleg merking av betalt innhald. Men i år er det media som først og fremst skal kontrollerast.

– Vi kan nok seie at det er ein del medium som er dårlegare enn ein del bloggarar på dette. Og vi har sett ein del eksempel vi ville ha tatt opp etter lova. Fleire enn dei som har vore oppe i PFU.

Dei siste åra har klageorganet Pressens faglige utvalg (PFU) behandla fleire klagar på brot på tekstreklamepunkta i Vær varsam-plakaten. I 2015 blei det ti fellingar på dette, mot fire året før. Seinast i førre veke blei VG felt for for dårleg merking av samarbeidet dei har med Rema 1000.

– Har gjort ein god jobb

Generalsekretær Kjersti Løken Stavrum

Kjersti Løken Stavrum i Norsk Presseforbund meiner bransjen har klart å trekke opp grenser for innhaldsmarknadsføring.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum, meiner PFU har gjort ein god jobb i desse sakene.

– Vi har hatt så stor merksemd rundt dette i mediebransjen dei siste åra. Det gjer at det har skjedd ei viktig grensedraging det siste trekvart året.

Men Nergård meiner det framleis er ein veg å gå. Forbrukarombodet vil difor engasjere seg meir i desse sakene i året som kjem.

– Det er bra om enkeltbransjar kan klare å halde orden i eige hus. Men det kan hende vi må hjelpe dei med den siste oppryddinga.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.