Hopp til innhold

Forboden i Kina - populær i utlandet

Mange av bøkene til forfattaren Yan Lianke er forbodne i Kina, men no kjem hans tredje bok på norsk. I «Lenins kyss» kjøper kinesarar liket av Lenin frå russarane, for å gjere profitt på det.

Video Forboden kinesisk bok på norsk

Yan Lianke les frå si nye bok, 'Lenins kyss'. Den er forboden i Kina, men kom nettopp ut på det norske forlaget Font.

Det er ikkje lett for kinesiske forfattarar å få gitt ut kontroversiell litteratur, sjølv om ein er medlem av kommunistpartiet. Det kan Yan Lianke skrive under på. Bøkene til den verdskjende forfattaren er gitt ut på meir enn 20 språk, men fleire av dei er forbodne i heimlandet.

Hans nyaste bok, «Lenins kyss», er no å finne i norsk oversetting, sjølv om den er stempla som ulovleg i Kina. Det er den tredje boka av Yan Lianke som Font Forlag gir ut i Noreg.

Får ikkje namnet sitt på eigen film

I romanane til Lianke skjer det absurde ting. Han brukar grovkorna satire for å gi eit kritisk blikk på alt det ekstreme som skjer i landet.

– For 30 år sidan skulle ein gjennomføre den kommunistiske utopi. I dag ønskjer ein eit kapitalistisk draumesamfunn. Om denne draumen bristar, står vi truleg framfor ein katastrofe, meiner forfattaren, som NRK har møtt i Beijing.

Lenins kyss

'Lenins kyss' er ute i norsk oversetting på Font Forlag. Yan Lianke har vunne fleire prisar for sitt forfattarskap.

Foto: Skjermdump: Font Forlag

Ei av bøkene hans, «Landsbyens blod», er filmatisert og filmen blir vist i Kina, sjølv om boka er ulovleg.

– Vi måtte gjere det slik at ingen skulle få vite at boka mi var utgangspunktet for filmen. Verken namnet mitt eller namnet på boka blir vist på filmtekstene. I tillegg endra vi alle namna på rollefigurane, seier han.

«Landsbyens blod» tek for seg ein lokal katastrofe der mange blir smitta med HIV på grunn av ulovleg handel med blod. Historia har rot i røynda, i provinsen Henan der Lianke kjem frå.

– Boka skulle aldri trykkast

For nokre år sidan skreiv han «Tjen folket!», ein ellevill roman som driv gjøn med Mao og kulturrevolusjonen. Handlinga er lagt til 1967 og hovedpersonen Wu lar seg forføre av kona til ein militær leisjef.

Dei to oppdagar snart at begjæret når nye, svimlande høgder viss dei samtidig skjendar ein statue av Mao. Slik utviklar den erotiske leiken seg til å bli ein konkurranse om kven som kan opptre mest kontrarevolusjonært.

– Halve boka blei publisert i eit tidsskrift og dei som fekk lese dette syntest det var svært bra. Men tidsskriftet blei forbode nesten med ein gong og det som var igjen i hyllene blei konfiskert. Dei sentrale myndigheitene sendte ut ein ordre om at denne boka aldri skulle trykkast, seier forfattaren om boka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Yan Lianke

Yan Lianke signerer eit norsk eksemplar av 'Tjen folket!' Boka er filmatisert, men Lianke får ikkje namnet sitt på filmen, på grunn av at boka er forboden.

Foto: NRK

Sensurerer seg sjølv

Yan Lianke har innrømma å sensurere seg sjølv i skriveprosessen, for å unngå bråk med myndigheitene. I eit intervju med The Guardian i 2006 innrømma han å ha tona ned handlinga i «Landsbyens blod», utan at det hjalp han nemneverdig. Boka vart likevel stempla som ulovleg av kinesiske myndigheiter.

– Dette er ikkje boka som eg i utgangspunktet ville skrive. Eg sensurerte meg sjølv nøye og trudde sjølvsensureringa mi var perfekt, sa forfattaren i intervjuet.

Kina har slått hardt ned på kunstnarar, forfattarar og musikarar som utfordrar regimet. Nyleg vart kunstnaren Ai Weiwei sleppt fri etter å ha sete i varetekt hos det kinesiske politiet sidan 3. april.

Han vart etterforska for økonomisk kriminalitet, ifølgje kinesiske myndigheiter, men familien hans hevdar at det er eit påskot for å stoppe hans kritikk av regimet.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober