Hopp til innhold
Anmeldelse

Forbløffande romandebut

Grønlandssaka var ingen suksess for Noreg i den verkelege historia. Men som kjent trivst skjønnlitteraturen vel så godt på fiaskoar, fadesar og flaue nederlag.

Magnus Grova Søilen, forfatter

I romanen «Flaskeladden i Eskimopolis» skildrar Magnus Grova Søilen ei ueinsarta gruppe menn som overvintrar på Grønland. Ein vellykka roman om ein mislykka ekspedisjon.

Foto: Christopher Zibell

I dette tilfellet er det snakk om ein usannsynleg mislykka ekspedisjon. Like før domstolen i Haag gav Danmark suverenitet over Grønland i 1933, var det hektisk norsk aktivitet på Aust-Grønland, der Noreg meinte å ha rettar: Fangstfolk okkuperte den såkalla Myggbukta, Helge Ingstad var sysselmann og ja, vitskapsfolk kom på ekspedisjon.

Inn i dette urolege landskapet sender romandebutanten Magnus Grova Søilen ei gruppe på ni forskarar som skal studere isbrear og plantar og dyr i det som nyss var døypt Eirik Raudes land.

Luftige draumar i isen

I 2022 sit ein råkjefta etterkommar etter ein av karane frå denne ekspedisjonen med farfars isdagbok og stor gjeld. Løysinga blir å gje ut dagboka for å skaffe pengar. Etter eit forord der det står mykje ein ikkje treng å vite, får ishavsfarfar kome til orde gjennom dagboka si. Og derifrå og ut svingar det skikkeleg.

Farfar viser seg å vere ein halvstudert jurist og mislykka forfattar. Karrieren er å samle tomflasker. Når ekspedisjonen søkjer etter ein person som kan skrive og ta bilde, slår han til. Slik hamnar han i eit isunivers saman med ei ueinsarta gruppe av forskarar og sjøfolk, ei bunke papir, uforløyste kunstnarambisjonar og luftige framtidsdraumar.

Der andre kan by på salte historier frå sjøliv, eller finurlege detaljar om algevekst, gjer farfar lite ut av seg og er for det meste samd med siste talar i diskusjonane om dei store spørsmål i tida. Mest samd er han likevel med dei som set den ariske rasen høgast og tenkjer at Noregsveldet fortener å bli utvida.

Å bortforklare eigen fiasko

Sidan dagboka er skriven frå dag til dag, anar ikkje farfar korleis det går verken med grønlandssaka eller med denne Hitler som fleire er fascinerte av. Storpolitikk får stå side om side med magesjau og brakkesjuke, brennevin og tobakkshunger, nordlys og uendelege dagar då ingen kan gå utanfor døra utan i dei aller nødvendigaste ærend.

Den 38 år gamle bergenske flaskesamlaren utleverer dei andre og ikkje minst seg sjølv: han meiner alle andre – og særleg styret i forfattarforeininga – må bere ansvaret for at han ikkje får til noko. Vi lesarar kan nok finne andre årsakssamanhengar. Men karen er berre delvis upåliteleg; han er svært presis når det gjeld utferder, inneliv og den gradvise demoraliseringa av gruppa.

Denne B-gjengen av ein ekspedisjon kjem til syne gjennom eit fantastisk språk: I botnen ligg riksmålet, men bergensk talemål skin gjennom. Dagboka er spekka med overtydande sjargong, dessutan dreg forfattarspiren liner frå Bibelen, Håvamål og andre skrifter på det klåraste landsmål. Resultatet er unikt, og uvanleg leseverdig. Om farfar og barnebarn i romanen rotar det til, så har Søilen gjort eit framifrå arbeid.

Passar for deg som:

  • har sans for språkleg originalitet
  • vil studere sosiale dynamikkar i lukka rom

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.