Hopp til innhold

NRK er fyrst i Vest-Europa med å ha id-sending

Søndag kveld skal NRK markere den muslimske høgtida id med direktesending. Det blir fyrste gongen ein vesteuropeisk kringkastar lagar ei slik sending.

– Eg synest det er veldig kult og spennande. Eg er stolt av NRK. Det viser for det muslimske miljøet i Noreg at vi lever i eit inkluderande samfunn som vi kan vere stolte over, seier Ugbad Musti, ein av Noregs mest populære rapparar for tida.

Til vanleg feirar ho id saman med familie og venar, men i år skal ho også opptre på NRKs sending. Ei sending ho meiner var på tide.

– Eg synest det burde ha skjedd tidlegare. Dei fleste har ein muslim i sin krets, så kanskje dette kan bidra til at nordmenn vil lære meir om Islam, seier ho.

Ho håpar det blir ein årleg tradisjon.

Ugbad Musti

VIKTIG: Ugbad Musti håpar sendinga blir ein årleg tradisjon.

Brubygging og fellesskapskjensle

Id al-fitr, ofte kalla berre id eller eid, er ei viktig muslimsk høgtid. Den markerer slutten på fastemånaden Ramadan, og samlar over 200.000 muslimar i Noreg.

På grunn av koronaen er fleire av fellesarrangementa avlyste, og mange må belage seg på ei annleis feiring i år.

– Mange har ikkje moglegheit til å gjere det ein vanlegvis gjer, som å besøke venar og familie. Målet vårt er å bidra til id-stemning for alle rundt om i landet, seier programleiar for kvelden, Rima Iraki.

Ho har merka eit stort engasjement allereie, og gler seg til å underhalde folk med musikk, herleg mat, dans og gjestar. Ønsket er å skape ei fellesskapskjensle mellom norske muslimar og resten av befolkninga.

– Det finst mange spørsmål knytte til ramadan og id. Vi håpar programmet kan bidra til at ein blir litt klokare og forstår kvarandre betre, seier Rima Iraki.

Brubygging og fellesskapskjensle var også det Vivi Stenberg hadde som mål da ho klekka ut ideen om å lage id-sending.

– Tradisjonane i id og den kristne julefeiringa er ganske like. Det er ein dag der familiane møtest, barna får gåve, og ein et saman. Eg ville formidle ei historie som er attkjennande, men også ulik.

Større toleranse

Islam har over 1,7 milliardar tilhengarar over heile verda, og er den nest største religionen i Europa etter kristendommen.

Likevel er det Noreg som er fyrst ute i Vest-Europa med å kringkaste id. Tone Sommerfelt, seniorforskar på institutt for fredsforsking (Prio), seier dette kan ha samanheng med at sekularisme har vore praktisert på ein annan måte i Noreg enn i ein del andre vesteuropeiske land.

Tone Sommerfelt

TOLERANSE:– Det er interessant å sjå at Noreg har hatt større toleranse enn andre land for å promotere retten til fri religionsutøving.

Foto: Fafo

– I Noreg har styresmaktene vore opptekne av å ha ein balansegang mellom fleire-religiøsitet og sekularisme. I Frankrike derimot betyr sekularisme å aktivt stenge ute religion frå den offentlege sfæren.

Ho legg også til at det er større fokus på mangfald no enn det har vore tidlegare, og at NRK speglar denne utviklinga.

– I dei seinare åra har det vorte ei prioritering å inkludere ulike typar livssyn, livsstilar og verdival i det offentlege rom.

Ho meiner at ei slik sending er eit positivt bidrag i å bevisstgjere at Islam er ein del av norsk kvardagsliv. Eit bidrag norske muslimar vil setje pris på.

– Det er ei anerkjenning som eg trur betyr mykje for dei muslimske miljøa. Det blir ein måte å finne seg ein heim på, og det er verdifullt, seier ho.

Kulturstrøm

  • «Motståndaren» blir svensk Oscar-kandidat

    Filmen om en bekymret, iransk bryter er Sveriges Oscar-kandidat.

    – Det er litt uvirkelig, sier regissør av «Motståndaren», Milad Alami til TT om at den svenske Oscar-komiteen valgte hans film foran blant annet Lukas Moodysons «Tilsammans 99».

    Allerede er hans film valgt ut som svensk kandidat til Nordisk råds filmpris, som deles ut i oktober.