Hopp til innhold

Foo Fighters-vokalist får ei overrasking av Skavlan

Den amerikanske rockemusikaren får eit uventa gjensyn med ein svensk lege i kveldens «Skavlan».

Saman med trommeslagar Taylor Hawkins besøkjer den kjende Foo Fighters-musikaren Skavlan i kveld. Dave Grohl fortel mellom anna om da han datt ned frå scenen og knekte ankelen under ein konsert i Göteborg i 2015.

– Dei ville få meg på sjukehus, men eg ville gå attende på scena og spela ferdig, seier Dave Grohl om uhellet på Ullevi.

Men sidan beinet var knekt, måtte nokon bli med opp på scena og halde ankelen på plass.

– Nokre minutt seinare bar dei meg attende med beinet stikkande rett ut. Så plasserte dei meg i ein stol, og ein mann sat og heldt på foten heile tida. Vi spela i to og ein halv time til.

Foreint med legen

Fredrik Skavlan kan fortelja at mannen som passa på beinet hans under konserten er ein svensk lege, og Grohl gispar når Skavlan seier at han er her i kveld. Lege Johan Sampson og Dave Grohl gjev kvarandre ein lang klem når dei møtest.

– Du sat stille heile tida og passa på, men etter nokre songar begynte du å bevege deg til rytmane, seier Grohl til Sampson.

Grohl fortel òg om eit strabasiøst bleieskift på «Skavlan» på NRK1 i kveld klokka 21.25. Programmet blir tilgjengeleg allereie klokka 15.00 på NRK TV.

Foo Fighters

I NOREG: Foo Fighters besøkte Telenor Arena 10. juni 2015, berre tre dagar før uhellet i Göteborg.

Foto: Helge Tvedten / NRK

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)