Hopp til innhold

Folkeavstemning i halvparten av landets kommunar

Den sterke kulturelle identiteten til folk gjer mange skeptiske til at akkurat deira kommune skal bli slått saman med nabokommunen.

Fleire vegar å gå

MANGE VAL: Dei kan velje fleire vegar, men vil helst vere rendøler. F.v.: Robert Rønning, Ottar Rønning, Per Magnar Sundet, Erik Kjølhamar, Gudbrand Aasheim, Olav Kristian Aasheim (skjult), Ingvald Floden og Håkon Nordengen

Foto: Torunn Myhre / NRK

I halvparten av landets kommunar blir valurnene henta fram denne våren, for å avgjere samanslåing med andre kommunar. Med kommunereforma ønskjer kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) å få større og meir robuste kommunar.

I Rendalen i Hedmark er folk NRK møter skeptiske. Dei har vore gjennom ei samanslåing før.

Elin Sandbakken fra Øvre-Rendalen

MOT SAMANSLÅING: Elin Sandbakken frå Øvre-Rendalen har kjempa mot samanslåing før.

Foto: Torunn Myhre / NRK

Samlivstrøbbel

Heilt sidan Øvre- og Ytre Rendalen vart tvangssamanslått i 1965 har innbyggjarane slite med samlivstrøbbel.

– Eg har stått på barrikadane for å behalde namnet på grenda vår, Øvre Rendalen, seier Elin Sandbakken.

Det lyktes ho med. I 1965 vart Øvre Rendalen slått saman med naboen i sør, Ytre Rendalen. Det var eit tvangsekteskap ingen ville ha, og samlivet i den nye Rendalen kommune vart lenge prega av dragkampar og krangling.

Fryktar utviska kultur

Det er ulike grunnar til at det er motstand til kommunesamanslåing. I Sandnes fortel folk at dei er redde for at Stavanger skal overta styringa. I Kåfjord i Troms fryktar innbyggjarar at den samiske kulturen kan bli viska ut dersom dei blir slått saman med kommunar der den samisk kultur ikkje står like sterkt.

– Til no har vi klart å ta vare på den sjøsamiske identiteten i kommunen, seier ordførar Svein Leiros (Sp).

Han trur frykta for at denne kulturen blir svekka kan føre til nei i ei folkerøysting.

– Ein del av identiteten vår

Svein Frisvoll

Svein Frisvoll

Foto: Bygdeforskning

Dei sterke kjenslene for kommunen vi bur i botnar mellom anna i at det er ein del av identiteten vår, trur forskingsleiar Svein Frisvoll ved Bygdeforskning.

Han meiner det er viktig å ta motstanden på alvor, og finne ut kva den botnar i.

– Og det kan variere. Det kan både vere frykt for å miste påverknadskraft når ressursane skal fordelast, eller at barnehagen i grenda blir lagt ned og vegen til den nye blir lang. Dessutan handlar det om at det i den norske kulturen ligg ei sterk motvilje til ovanfrå og ned-styring. Vi er mest glad i at styringa skjer nedanfrå og opp.

Rendalen står saman

Etter mange år med haltande ekteskap, har det skjedd noko i Rendalen. Kommunen utreder samarbeid med kommunar både sørover og nordover, og 30. juni skal kommunestyret avgjere om dei går for samanslåing eller blir ståande åleine.

Ottar Rønning, Gudbrand Åsheim og Erik Kjølhamar er ikkje i tvil om kva dei vil:

– Vi har det best sånn som vi har det no, for oss sjølve. Vi er allereie ein utkant. Samanslåing med andre vil gjere oss ein ekstrem utkant.

Dei trur skulen og idretten i kommunen har ført Øvre og Ytre tettare saman.

– Vi vart rett og slett glade i kvarandre, etter lang tid saman.

På pauserommet Teaterkafeen i Rendalen

LØYSER VERDSPROBLEM: Ottar Rønning, Gudbrand Åsheim og Erik Kjølhamar på sitt faste pauserom som berre blir kalla Teaterkafeen. Dei er samde om at Rendalen må bestå som ein eigen kommune.

Foto: Torunn Myhre / NRK

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP