NRK Meny
Normal

Folk kastar seg over 100 år gammal juletradisjon


Juletradisjonen var borte i 70 år, heilt til Herborg Kråkevik blåste nytt liv i den for tre år sidan.

Gamle juleroser

GAMMAL TRADISJON: Herborg Kråkevik har vekt til live ein 100 år gammal tradisjon. Desse julerosene er frå starten av 1900-talet.

Og folk ser ut til å sette pris på det gamle. Kvart år har «Juleroser» vore så godt som utselt, og nå aukar opplaget til 90 000.

– Det hadde eg aldri trudd. Eg hadde ikkje trudd at eg skulle få lov å gje det ut ein gong, seier redaktøren av juleheftet Herborg Kråkevik.

Tanken er at «Juleroser» skal vere ein stad der ein bruker biletkunst, litteratur og musikk til å lage ei motvekt til alt det jula blir spist opp av, som materialisme, kjøpepress og stress.

Herborg Kråkevik

– Ei motvekt til materialisme

Herborg Kråkevik trur og håper at det er folk sitt behov for noko anna enn alt det overflatiske i jula som gjer at juleheftet har blitt så populært.

– Eg har heile tida tenkt at Juleroser skal vere ein stad der ein bruker biletkunst og litteratur og delvis også musikk til å lage ei motvekt til alt det jula blir spist opp av, som materialisme, kjøpepress og stress og alt som ikkje har noko med høgtida og gjere, seier Kråkevik.

Brøgger og Bleken

I år er det ein av Norges største samtidskunstnarar, Håkon Bleken, og ein av Danmarks største forfattarar, Suzanne Brøgger som er toppnamna i heftet.

– Eg kan ikkje skjula at det er to store favorittar. Det er heilt avgjerande for heftet at innhaldet held eit høgt nivå kvart år, seier Kråkevik, som i fjor fekk store namn som Dronning Sonja og forfattar Kim Leine til å bidra i heftet.

Herborg Kråkevik, Suzanne Brøgger og Håkon Bleken

JULEROSEMAKARAR: Herborg Kråkevik har fått med to av sine favorittar, Suzanne Brøgger og Håkon Bleken til å bidra i årets utgåve av «Juleroser».

Foto: Helga Tunheim / NRK

– Får du ja av alle kunstnarar du spør?

– Nei, det får eg ikkje, men det hjelper mykje når eg treff med ein idé. Det handlar mykje om at kunstnaren finn ei slags meining i kunsten eller teksten som står i juleroser, at det ikkje berre er tilfeldig, seier Kråkevik.

Juleroser kom ut første gong i København i 1881. Det var det første juleheftet som kom ut regelmessig til jul i Norden. Mellom 1936 og 1941 hadde det eit kort opphald, og så forsvann det igjen i 1944.

– Ei oppdagingsreise

Suzanne Brøgger

– EIT EKSPERIMENT: Forfattar Suzanne Brøgger meiner det er eit eksperiment å ta opp ein slik gløymt tradisjon, som «Juleroser» er, å sjå om ein kan gjenopplive det.

Foto: Helga Tunheim / NRK

For den danske forfattaren Suzanne Brøgger var «Juleroser» ein publikasjon ho aldri hadde høyrt om før ho blei kontakta av Herborg Kråkevik.

– Eg fekk ein utruleg invitasjon. Herborg Kråkevik sende meg ei teikning som den danske forfattaren Karen Blixen hadde laga til «Juleroser» som 16-åring, i håp om å få heile framsida. Ho hadde store forhåpningar, men blei avvist. Eg blei oppfordra til å skrive om denne teikninga. Det har vore ei oppdagingsreise, fortel Brøgger.

– Begeistra for Kråkevik

Håkon Bleken

KVALITET: Kunstnar Håkon Bleken meiner det er kvalitet over det Herborg Kråkevik gjer, og var ikkje i tvil om å seie ja til å bidra i juleheftet.

Foto: Helga Tunheim / NRK

Håkon Bleken har også ei binding til Karen Blixen i «Juleroser». Det eine av dei fire verka hans i heftet, er ein del av illustrasjonen til «Babettes gjestebud», ei novelle av Karen Blixen.

– Kvifor trur du «Juleroser» har blitt så populært?

– Det har blitt populært fordi det har høg kvalitet og fordi folk er begeistra for Herborg Kråkevik, ler Håkon Bleken.

Folk kastar seg over Herborg Kråkevik sin ny-gamle juletradisjon

OVERRASKA: Herborg Kråkevik hadde aldri trudd at «Juleroser» skulle bli så populært. Sjå tv-innslaget her.