Bjørn Eidsvåg er svært nøgd. Han trives i rolla som ein av Noreg sine mest populære artistar. Difor vil han også gjerne halde på lenger. Det trur han også at publikum vil.
- Namnet på mi nye plate er vel eit aldri så lite utrykk for nettopp det. Eg trivst svært godt og eg har inntrykk av at folk også gjere det. Eg har sjølvsagt fått ein del kritikk, men slik eg ser det på ei lang karriere trur eg folk er nøgd.
Elskar sitt publikum
Eidsvåg har haldt det gåande i over 30 år. Med hundrevis av låtar, 18 plater og rundt tusen konsertar er han likevel svolten på meir suksess. Årsaka er publikum.
- Gleda eg har over å skrive songar og synge for publikum er ubeskriveleg. Det blir kjekkare og kjekkare for kvar gong. Det er fantastisk å sjå at publikum likar det eg skriv.
- Er du ikkje kritisk?
- Det er den andre biten. Det blir nemleg og verre og verre, fordi eg vil det skal bli betre og betre. På den måten er det fantastisk tilfredstillande å få gode kritikkar.
Mange av songane til Eidsvåg blir til saman med publikum. Han testar gjerne ut nye songar på konsertar og forkastar ofte låtar med dårleg respons.
I løpet av hausten legg Eidsvåg nok ein gong ut på turne i Sør Noreg. Etter jul tek han turen nordover. Foto; Promo.
Gode kontaktar
Etter starten i 1971 har Eidsvåg knytte gode kontaktar i det norske og skandinaviske musikkmiljøet. Det fører ofte til samarbeid. På ”Tålt” er Rita Eriksen med nok ein gong.
- Rita og eg er "skjønnheten og udyret", humrar Eidsvåg.
- Seriøst så meiner eg at våre stemmer kler kvarandre svært godt. Det er hyggeleg å få bruke henne nok ei gong. Men denne gongen har eg då også dratt inn Lisa Nilsson.
- Kvifor det?
- Eg synst den siste plata hennar ”Små rum” er flott. Ho har etablert seg som ein dyktig visepoppartist i Sverige. Når eg var ferdig med ”Mysteriet deg” hadde eg lyst å bruke ei svensk sensuell stemme. Kva er vel då meir naturleg enn Lisa?
Skriv rekviem
Bjørn Eidsvåg lyttar svært mykje på artistkollegar. Dei gjev han både inspirasjon og kreativitet. For å få gode tekstar let han seg derimot inspirere av lyrikarar.
- Eg blir veldig inspirert av å lese lyrikk. Odd Børretzen, Kjartan Fløgstad og Kolbjørn Falkeid er dyktige. Eg skulle ønskje eg skreiv som dei.
Låtskrivinga må nok vente i andre rekkje i tida framover. Eidsvåg har planar om å starta med å skrive eit rekviem. Det krev gjerne litt tid. Den siste tida har eg gått igjennom det som har vore gjeve ut av rekviem. Så får vi sjå kor langt eg kjem med den prosessen.