Hopp til innhold

Kim Friele fekk massive heiarop

Pride-paraden markerte avslutninga på Oslo Pride, og gjekk frå Grønland til Spikersuppa i Oslo. Aktivisten Kim Friele gjekk gjennom gatene til stor jubel frå dei andre.

Regnbogeflagg Oslo Pride 2017

– Dette er overveldande, seier homoforkjempar Kim Friele.

Ho har vore aktivist i 54 år, og på midten av 70-talet gjekk ho i tog med 20 personar. I dag går ho i lag med minst 30.000 andre. Og Friele får massive heiarop frå dei andre i paraden.

– Dette gler eit gamalt hjarte. Det er flott å sjå alle som har funne sin plass. Det begynner verkeleg å bli likeverd.

– Kva trur du er grunnen til at det er så stor interesse for paraden i år?

– Eg trur dei unge greier å fange opp at ein må koma ut av skapet tidleg. Det er ikkje så farleg som ein trur. Og ein må satse noko for å få det livet ein vil.

Oslo Fagottkor

OSLO FAGOTTKOR: Deltok på Oslo Pride 2017.

Foto: Caroline Tolfsen / NRK

Håpar på ein homofil Vålerenga-spelar

Den tidlegare fotballspelaren Freddy dos Santos, som nå arbeider i Vålerenga, deltar for fyrste gong i paraden. Han seier at han vil delta fleire gonger.

– Det gjev meirsmak å vera her i dag. Fotballen er tradisjonelt ein bastion der det er vanskeleg å koma ut. Vi står for mangfald, og det ynskjer vi å fortsetja med.

– Har det blitt lettare å vera homofil i fotballmiljøet i dag?

– Tydelegvis ikkje, for det er ingen som har kome ut av skapet enno. Eg håpar vi snart får ein homofil spelar i Vålerenga, det hadde vore bra, seier dos Santos.

Freddy dos Santos går i pride-paraden

– Det har ikkje vore lett

Kyrkja på Pride 2017

KYRKJA PÅ PRIDE.

Foto: Caroline Tolfsen / NRK

Halvor Moxnes er professor i teologi, og har vore homoaktivist i kyrkja i 45 år. Han er glad for å gå utanfor domkyrkja og veta at dei nå tillèt likekjønna ekteskap.

– Åpen kirkegruppe har vist seg fram og teke mykje av støyten. Det har ikkje vore lett, og det har tatt tid å få kyrkja til å endre haldningane sine. Det er fabelaktig at kyrkja har snudd.

Pride-paraden går gjennom Oslo

Deltar for fyrste gong

Brann- redningsetaten debuterer i paraden i år, og dei stilte i toget med brannbil og uniformer. Etaten har som kjerneverdi å ikkje gjera forskjell på folk, fortel Lars Håvtun, som er informasjonssjef.

– Alle skal få hjelp frå oss, uansett. Det skal vera greitt å vera annleis både i etaten vår og i samfunnet. Slik skal det vera på gata, og slik skal det vera på stasjonen. Det er kjekt å vera med her i dag.

Pride-paraden i Oslo

Gjekk i Noregs fyrste Pride-parade

Thomas Bartholdsen var med da Noregs fyrste Pride vart arrangert i 1982. Han fortel at det har vore ei utruleg forandring som det har vore flott å vera med på.

– Eg var 19 år gamal og hadde akkurat flytta frå Hammerfest. Vi var 300–400 menneske. Alle var konservativt kledde, og vi bar alvorlege plakatar. Vi var ikkje så mange, så vi ropte dette slagordet: «Vi er mange flere, resten er blant dere.»

Bartholdsen fortel at han er takksam for alle som var modige i ei tidleg fase, og som trassa fordømming og fortielse for å arbeide for rettane til dei homofile.

– Eg bur i ein by og eit land som er utruleg inkluderande. Dette er 17. mai for homofile.

Pride paraden går gjennom Oslo i dag

– Vi har framleis noko å kjempe for

Helseminister Bent Høie deltar på paraden saman med mannen sin. Han fortel at det er veldig sterkt å høyre historiene frå dei som har sendt inn anonyme historier til Fri sin kampanje #gåformeg.

– Alle historiene frå folk som ikkje tør å delta på Pride beviser at vi framleis har noko å kjempe for.

Høie fortel at det er fantastisk gøy å gå i paraden, og han har ikkje teljing på kor mange gonger han har deltatt tidlegare.

Helseminister Bent Høie går i pride paraden

– Eg drit i kva dei andre synest

Sjå video nedanfor av fotballdommaren som går i full dommardrakt, og som ikkje bryr seg om kva dei andre i dommarsektoren synest.

– Det er ei stoltheit for meg å gå her i dommardrakt saman med så mange andre folk, seier han.

Pride paraden går igjennom oslos gater

Har slått alle rekordar allereie

Ingvild Endestad, leiar i FRI, seier at ho ikkje veit akkurat kor mange som deltar i paraden, men heile festivalen har hatt enormt oppmøte på alle arrangement, og alle tidlegare rekordar er slått. Endestad trur det er eit spesielt år i år, fordi mange har fått augo opp for grunnane til å delta.

– Historiene frå dei som ikkje tør å delta har gjort inntrykk på folk, samtidig som det har skjedd grufulle ting rundt omkring i verda. I dag er det heilt fantastisk å gå her, med alle desse folka i ryggen, seier Endestad.

Noen av disse var med under sendingen fra Oslo Pride-paraden. Alle ble ikke intervjuet. Dette ble kun sendt på nrk.no
•	Ingvild Endestad, leder for FRI
Går sammen:
•	Jonathan Kongsbak Jæger, førstegangsgåer (kan vi titulere sånn?)
•	Elisabeth Jæger, stolt mor
Går sammen:
•	Bent Høie, helseminister (H)
•	Dag Terje Klarp Solvang, markedssjef (H) (og ektemann til Bent Høie)
•	Lars Håvtun, informasjonssjef, Oslo brann og redningsetat
•	Bård Stensli, politioverbetjent, PST
•	Grete Lien Metlid, sjef for alvorlig kriminalitet, politiet Oslo
•	Mona Hovland Jacobsen, regnbuefamilien
Går sammen:
•	Else Kåss Furuseth, komiker
•	Sigrid Bonde Tusvik, komiker
Går sammen:
•	Hadia Tajik, nestleder (Ap)
•	Kim Friele, æresmedlem (Ap)
•	Geir Wiknes, prest
•	Terje Svendsen, fotballpresident NFF
•	Freddy Dos Santos, tidligere fotballspiller
•	John Earhardt, medlem, Den norske bamseklubben
•	Marthe Reithaug Sterud, skeive dansekunstnere
•	Thorey Myrdal, medlem, Fifty shades of rainbow
•	Emily Williams, den canadiske ambassaden i Oslo
•	Åge Nicklas Leivseth, kommende brudgom
•	Silje Kvarme Schanche, kommende brud
Går sammen:
•	Per Eivind Bjørkgård, kommende brudgom
•	Tom Patrick Moe , kommende brudgom

Les fleire saker frå årets Pride

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober