Det er ei studie frå nettverkutstyrsleverandøren Sandvine som syner avferda til nordamerikanske og europeiske fildelarar.
Heile 76 prosent av all såkalla P2P-trafikk i USA og Canada skjer gjennom KaZaA, melder Digi.no. I Europa er det heilt annleis. Ser ein på tala i til dømes Tyskland står eDonkey for 52 prosent av bruken.
I følgje undersøkinga er det på kontinentet brukarane av eDonkey kjem frå. I Storbritannia held fleire fast til KaZaA. men eDonkey er også her i vekst.
- Fildelingsmarknaden er berre nokre få år, men det endrar seg svært raskt. Vi ser no klart målbare ulikheitar, ikkje berre mellom verdsdelane, men også frå land til land, seier Chris Colman som leider Sandvines EMEA-område (Europa, Midt-Østen og Afrika).