Herbjørg Wassmo
Flykten fra Frank
Gyldendal 2003
Dersom eg seier vanskeleg barndom, seksuelt misbruk, kompliserte kjærleiksforhold og brå død, så vil alle Wassmolesarar nikke gjenkjennande. Og "Flukten fra Frank" har alt dette og meir til av kjent stoff frå tidlegare bøker av denne forfattaren, likevel er dette ei svært annleis bok. Dessverre er fornyinga ikkje til det betre, dette er rett og slett ikkje ein særleg vellukka roman.
Flukten fra Frank Gyldendal 2003
Kjærleik og svik
Hovudpersonen Sanne Svendsen er ein forfattar av det heller usynlege slaget, både på salsstatistikkar og i livet.
I romanen skriv ho ein roman om det som skjer før og ikkje minst etter at ho har reist frå elskaren Frank, vi har altså med ein metaroman å gjere, der også kjærleik og svik spelar ei viktig rolle. Flukta artar seg som ei reise gjennom Europa, der byar som Berlin og Barcelona står sentralt, dermed har vi også ein reiseroman mellom hendene her. Og som dei fleste reiser i romanform, er også denne ei reise tilbake til seg sjøl: til den ulukkelege barndommen på barneheim, der ho innestengt i ein mørk kjellar dikta opp Frida, eit handlekraftig og frimodig vesen som er med på deler av reisa, før ho truleg blir akseptert av Sanne som det ho er, nemleg sider ved henne sjøl og Frida forsvinn dermed som sjølvstendig individ.
For mange nivå
Dette er såleis ein roman som vert fortalt på mange nivå, og det er hovudproblemet: romanfigurane som kjempar med Sanne om å få ein dominerande og flatterande plass i romanen vert ikkje utbygd godt nok til å vekkje vår interesse, og metanivået handlar stort sett om denne kampen mellom fiktive figurar og forteljaren. Dette grepet blir etterkvart repeterande og verkar som ein stoppar i forteljinga om reisa, både på det indre og det ytre planet.
"Flukten fra Frank" er ein roman der dei ulike nivåa undergrev kvarandre, det vert ikkje både - og, men verken - eller. Dermed blir denne boka ein parentes i eit spennande forfattarskap.
Kulturnytt, NRK P2, tirsdag 12. november 2003