Ni dronninger
Då den ganske ukjente regissøren Fabian Bielinsky debuterte med filmen "Ni dronninger" i 2000 var det mange som blei overraska.
Filmfansen satt seg forbausa opp i stolane, for denne filmen var både vittig og kjapp. Dette var ei urban krimhistorie.
Så kom Aura
Aura er den andre filmen Bielinsky har regissert, dette er også ein krim, men meir av typen eksistensiell thriller frå den argentinske landsbygda.
Denne filmen er meir moden, tilbakeholdt, ettertenksom og utfolder seg i langsomt tempo. Det er og eit intenst portrett av ei plaga sjel i denne filmen.
Fabian Bielinsky har laga ei krimhistorie om ein mann lider av epileptiske anfall, og som draumar om å begå det perfekte lovbrot.
Antihelt
Filmen har ein antihelt med namnet Espinosa, som er ein taksidermist, han lever altså av å stoppe ut døde dyr for eit museum i Buenos Aires.
Han er ein introvert kar, ein einstøing med fotografisk minne. I fantasien planlegg han dristige overfall på bankar og pengetransportar.
Rovdyrjakt
Ein kollega ber han med på ein jakttur syd i Argentina Då han siktar på eit rovdyr er han uheldig, han treff ein mann i staden, som viser seg å vere verten på jaktlosjiet der dei bur.
Tvilsomme, harbarka typar dukkar opp om natta. Espinosa forstår at den drepte er ein forbrytar som planlegg eit megakupp.
Det er no Espinosa ser sjansen til å oppfylle draumen sin. Han tek over planane og lurar og manipulerar bandittane.
På grunn av dette kjem han inn i farlige situasjonar som den krininelle amatøren slett ikkje meistrar.
Andre og siste
"Aura! er den andre og siste filmen til Fabian Bielinsky. Han døde av hjarteinfarkt i fjor, han blei berre 47 år gamal. Men denne siste filmen er stilmessig er filmen motsida til amerikanske thrillarar. Spenninga og den truande atmosfæra byggast langsomt og dvelande.
Mykje av actionet i filmen føregår utanfor kamera, slik at vi berre anar kva som skjer. Sjølv om takta er langsom og dialogen sparsom suger vi inn historia.
Filmen er rik på symbol som vi berre kan gjette på, og glimrande tolka av skodespelar Ricardo Darin.
Filmen får terningkast 5