Hopp til innhold

Fleire opplev seksuell trakassering

Talet på unge kvinner som opplev seksuell trakassering på arbeidsplassen øker, det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Seksuell trakassering
Foto: Illustrasjonsfoto: Birte Njøsen Horne / NRK

Heile 12 prosent av unge kvinner oppgir at de opplev seksuell trakassering ein eller fleire gongar i månaden.

Psykolog Linda Wendelberg i Arbeidstilsynet meiner at

Seksuell trakassering

Menn opplev og seksuell trakassering

Foto: Illustrasjonsfoto: Birte Njøsen Horne / NRK

arbeidsplassane reflekterer samfunnnet si utvikling.

- På arbeidsplassane finn ein det ein finn ellers i samfunnet.

Det vi ser og det vi ikkje ser

Det er to forskjellege typar seksuell trakassering seier Wendelberg.

- Det vi ser er den fysiske adferda, det verbale. Det vi ikkje ser er det som ligg i beslutningsstrukturen og i maktstrukturen. Den er det vanskeleg å definere og vanskeleg å finne ut av.

Menn opplev og trakassering

Det er ikkje berre kvinner som opplev seksuell trakassering på arbeidsplassen, menn opplev det og fortel Wendelberg.

- Eg har hatt kontakt med menn som og opplev dette. Det er viktig at vi ikkje ler av menn når dei kjem og seier at dei kjenner seg trakassert, fordi dei er ikkje vant til å vere i den rolla, det er jo flest kvinner.

Linda Wendelberg

Psykolog Linda Wendelberg i Arbeidstilsynet

Foto: NRK

Ta ansvar

Det er viktig at ein sjølv tek ansvar når ein opplev trakassering, men ein skal ikkje ta alt ansvaret aleine.

- Arbeidstakar bør ta kontakt med sin næraste leiar, om det er ein kollega det gjeld. Men om det er ein leiar bør ein gå til leiaren over.

Wendelberg fortel og at det viktig å ha allierte og støttepersonar.

Grip problemet

Det er viktig at ein ikkje skyv dette vekk, men at ein tek tak i problemet med ein gong det oppstår.

- Vi er alle ansvarlege. Både arbeidsgivar og arbeidstakar.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober