Fleire millionar har lytta til ny Adele-sang

I natt slapp Adele si nye låt «Easy on me», musikkvideoen har fredag ettermiddag fått 22 millionar visningar på YouTube.

Video Adele takker for Grammy

LANG KARRIERE: Adele starta karrieren i 2007, sidan den gong har ho vunne 15 Grammy-prisar.

Foto: Nyhetsspiller

Dagen er 15. oktober. Klokka er 01:00 norsk tid, nesten 300 000 menneske rundt om i verda har opna YouTube, for å få med seg premieren av Adele sin ferske musikkvideo for låten «Easy on me». Vi blir tatt med inn i eit svart-kvitt univers, der Adele, som vanleg, sit på ein stol midt inne i eit rom.

Det har ho mellom anna gjort i «Hello», «Rolling in the deep», og «Make you feel my love». I sistnemnde sit ho rett nok på ei seng.

– Eg har ikkje lagt merke til det, men eg håper det er ein heilsprø konspirasjonsteori der. Kanskje det er noko overtru? Viss dette var noko ho gjorde tidleg i karrieren kan det jo hende at ho tenker «Fy flate det gjekk bra då eg sat i den stolen, hugsar de det? Eg må sitja i stol resten av karrieren.», seier musikkmeldar Espen Borge.

Spekulasjonane om ny musikk

Albumet «30» kjem 19.november, og sjølv om artisten ikkje annonserte ny musikk før 5.oktober, har fansen hennar lenge vore sikre på både album og dato.

Espen Borge

MELDAR: Espen Borge synsest den nye songen til Adele er ein glitrande popballade.

Foto: Privat

Samstemte kritikarar

Sjølv om det ikkje har gått eit døgn sidan ho gav ut låten, har kritikarar over heile verda kasta seg over han.

Aftenposten sin meldar gav han 5 av 6 moglege, britiske The Times si meldar sett òg pris på låten, og gir han 4 av 5 moglege.

– Eg synest «Easy On Me» er ein glitrande popballade som har Adele sin tydelege signatur. Ho har ei heilt eiga evne til å gjere balladar interessante, mykje takka vere hennar eineståande meloditeft. I tillegg er ho jo ein heilt utruleg vokalist med ei unik stemme som mange etter gjennombrotet hennar har freista å kopiera med varierande hell, seier Borge.

Ei forteljing om skilsmisse

Den 9. oktober set Adele seg ned framfor kameraet på telefonen, ho opnar Instagram for å starte ei livesending, kor ho tar i mot spørsmål frå fansen.

Kva skal albumet handle om?, spør ein nysgjerrig sjåar.

– Skilsmisse, baby, skilsmisse, seier Adele utan å nøle.

Det er nok òg derfor albumet har fått dette namnet «30». Artisten har tidlegare sagt at namna på albuma er basert på alderen ho var då ho skreiv og produserte songene.

There ain't no room for things to change
When we are both so deeply stuck in our ways
You can't deny how hard I have tried
I changed who I was to put you both first
But now I give up

Adele

I 2019 då Adele Adkins var 30 år gammal, skilde ho seg frå ektemannen sin. Saman har dei ein son som vart fødd i 2012.

Dette albumet har ho openbert jobba med lenge, for i dag er artisten 33 år gammal.
Ho har òg sagt at albumet skal hjelpe til å forklare skilsmissa for sonen hennar.

–– Når han er i tjueåra eller trettiåra, vil eg forklare kven eg er og kvifor eg frivillig valde å demontere heile livet i jakta på mi eiga lykke, sa Adkins til britisk Vogue.

Adele 21

SKILSMISSE: Det nye albumet til Adele skal forklare skilsmissa Adkins gjekk gjennom til sin son.

Foto: XL Columbia

Lang karriere

Sjølv om Adele berre er 33 år, har ho allereie ei lang og innhaldsrik karriere bak seg. Ho har gitt ut tre album, 19, 21 og 25. Ho står òg bak songar som «Rolling in the deep», «Someone like you» og «Hello». Ho har vore nominert til 18 Grammy-prisar, og vunne 15 av dei.

– Eg veit ikkje om det går an å overvurdere kor mykje Adele har betydd for den moderne popen. Eg vil nesten gå så langt som å seie at ho har vore med å redda ein sjanger som låg med brekt rygg før ho kom til med det første albumet sitt. Adele sin musikk vil bli hugsa om 100 år, det er eg heilt sikker på, seier musikkritikar Espen Borge.

Kulturstrøm

  • «Den fineste Chevy'n» mest spilt

    Spotifys årsoppsummering kom ut i går og «Den fineste Chevy'n» av Halva Priset med Maria Mena toppet listen over de mest spilte låtene på norsk Spotify. Sangen slår blant annet Olivia Rodrigos «Drivers License» som er nummer to på den norsk listen, men den mest spilte låten globalt. «Stay» med The Kid LAROI og Justin Bieber, som er produsert av blant annet norske Cashmere Cat, kommer på tredjeplass.

    Av mest strømmede artister topper Justin Bieber listene her til lands, etterfulgt av Tix og The Weeknd.

  • Klassekampen får mest pressestøtte

    Klassekampen får drøyt 43,2 millioner kroner i produksjonstilskudd av Medietilsynet i år. Totalt får 148 aviser 370 millioner kroner i pressestøtte av tilsynet. Av avisene som mottar støtte i år, er fem av dem nye mottakere. (NTB)