Rolf Frank Farstad (38) har vore musikar heile livet. I Halvsju tidlig på 80 talet i tungrockebandet Armageddon, han har reist til Russland og Afrika med høyrespel og vore aktiv musikar i ulike band i Trondheim i 15 år. Så flytta han heim til forandring.
- Eg var litt lei og måtte ha noko nytt. Likevel er ikkje Mosjøen den rette staden å bu dersom ein har tenkt å satse på musikk. Då må du bu sentralt. Eg må likevel ha noko å flytte til.
P1 demo?
Når me ringer og gratulerer Rolf Frank som denne vekas vinnar er det så vidt han har høyrt om prosjektet. Ei god venninne meinte at det han laga var så bra at fleire måtte høyre det. Ho skreiv difor inn til P1 demo og la ved ein cd.
- Eg hadde heilt gløymt av det der. Ho nemnde det så vidt for meg, men tenkte ikkje noko meir over det. No lyt eg jammen takke henne.
Sats på gode låtskrivarar
I dag arbeider Rolf Frank som deltidslærar ved ulike kulturskular. I tilegg pendlar han til og frå Nesna.
- Eg tek eit par ekstra fag ved Høgskulen i Nesna. Mest av alt har eg lyst til å leve med musikken. Tida som ung musikar i skinnbukse er nok forbi for meg, men eg syslar og litt med å skrive melodiar.
- Du skriv?
- Ja låtskriving er det viktigaste for å slå igjennom. Mange norske band kjem ikkje noko lengre på grunn av nettopp det. Musikarane er ofte gode, men låtane held ikkje mål. Kanskje eg kan skape eit marknad for ein erfaren artist som kan å skrive?