NRK Meny
Normal

Flåklypa-regissør: – Blir rart å skiljast frå Solan og Ludvig

Innspelinga av den tredje og siste «Flåklypa»-filmen går mot slutten. På kino i 2018.

Flåklypa - Solan og Ludvig

I Flåklypa: Dagen før den store måneferda, sit Solan og Ludvig og snakkar og ser på månen. I den tredje filmen «Månelyst i Flåklypa» dreg Solan på ei spektakulær måneferd.

Foto: Helga Tunheim / NRK

I ein lagerbygning i Bærum blir Solan, Ludvig og dei andre i Flåklypa levandegjort. Denne gongen skal dei ut på ei spektakulær måneferd. Reodor Felgen bygger ein månerakett for å få den første nordmannen på månen.

Månerakett - Flåklypa

MÅNERAKETTEN: I den tredje og siste filmen frå Flåklypa-universet har Reodor Felgen laga ein månerakett. Her er ei stor utgåve av raketten. Filmskaparane har også laga ein miniatyrrakett til scenane der vi ser heile raketten.

Foto: Helga Tunheim / NRK

LES OGSÅ: Caprino tapte striden rundt Il Tempo Gigante

– Denne måneferda er sponsa av den norske stat. Og det viser seg undervegs at den norske stat har nokre lumske planar, som gjer at måneferda ikkje blir så lett som dei først hadde trudd, fortel regissør Rasmus A. Sivertsen.

Rasmus A. Sivertsen

GODT KJENT: Regissør Rasmus A. Sivertsen, som har regissert alle dei tre Flåklypa-filmane, kjenner figurane godt.

Foto: Helga Tunheim / NRK

Sivertsen har jobba med figurane i Flåklypa sidan 2011. Først var han med å lage «Jul i Flåklypa», som sette publikumsrekord i 2013, med 854 000 besøkande på kino.

Oppfølgaren «Herfra til Flåklypa» kom i 2015 og trakk 440 000 til kinoane.

Nå er innspelinga av den siste filmen «Månelyst i Flåklypa» i sluttfasen. Den får premiere i september 2018.

– Er det vemodig at du snart er ferdig å jobbe med desse skikkelsane?

– Det er litt todelt, for nå er det såpass mykje stress for å komme i mål, men det blir rart å gå ut i andre enden utan å få vere saman med desse figurane lenger. Dei har vore med meg veldig lenge, seier Sivertsen.

Eit møysommeleg arbeid

Det er eit møysommeleg arbeid å lage dokkefilm. Filmskaparane har brukt eit heilt år på planlegging.

I innspelingsfasen jobbar fleire animatørar samstundes. Éin animatør bruker ein heil dag på å lage tre sekund med film. I ein film på 75 minutt er det 4500 sekund med film. For å lage eit sekund må animatøren ta 24 stillbilder. Totalt må animatørane ta 120 000 stillbilder for å lage denne filmen.

Ludvig i Flåklypa

UTSLITEN: Det er mange dokkevariantar av Ludvig. Dokkene blir ofte slitne i ledda etter mykje bruk.

Foto: Helga Tunheim / NRK

– Vi har ikkje moglegheit til å ta omtak, vi har berre éin sjanse. Difor bruker vi mykje tid på å førebu kvar enkelt scene, sånn at det er klinkande klart kva som skal gjerast. Vi kan ikkje komme etterpå å klage til animatøren, seier Sivertsen.

«Solan og Ludvig – Månelyst i Flåklypa» har mottatt 15, 5 millionar kroner i tilskot og har eit totalbudsjett på 45,5 millionar kroner.

– Det aller viktigaste er å få til god animasjon og få folk til å tru at desse døde objekta faktisk lever. Det er der magien ligg, plutseleg så verkar det som dei tenker og har eit indre liv, fortel ein entusiastisk Sivertsen.

Kulturstrøm

  • Kjemper om finaleplass

    Cellist Birgitta Elisa Oftestad (16) representerer Norge i solistkonkurransen Eurovision Young Musicians, som i år finner sted i Edinburgh. I kveld kjemper hun om en av seks finaleplasser i den prestisjefylte konkurransen. Se semifinalen her, eller på NRK2 torsdag 23.08. kl. 20.00.

    Birgitta Elise Oftestad i Eurovision Young Musician 2018
    Foto: Karen Brodshaug Sveen / NRK