Hopp til innhold

– Eg byrja å gå litt ut på dato

ZADAR (NRK): For Emil Hegle Svendsen var det å slutte med skiskyting det einaste rette. Han var ikkje lenger motivert for å prestere på toppnivå.

Mesternes mester, sesong 11. Emil Hegle Svendsen

MEISTEREN: Emil Hegle Svendsen er både OL- og VM-meister. Men i det femte programmet rauk han ut av «Mesternes Mester».

Foto: Stipe Surac / Rubicon TV/NRK

Skiskyttaren frå Trondheim la opp i 2018 etter å ha tatt to sølv og ein bronse under OL i Pyeongchang.

– Eg byrja å gå litt ut på dato. Så då var det på tide å finne på noko anna. Då er det fint å kunne vere med på «Mesternes Mester», smiler Svendsen.

NRK møter den tidlegare medaljegrossisten på ein strandbar i Kroatia berre eit par dagar etter at han tapte nattesten mot handballspelaren Kari Mette Johansen. Det vart ein tett kamp mellom to utøvarar som begge har gullmedaljar både frå OL og VM. Til slutt vart det altså Svendsen som måtte forlate konkurransen:

– Det er absolutt kjedeleg å ryke ut av «Mesternes Mester», det er det. Men eg var nøgd med å komme så langt som eg gjorde, for eg er ikkje nokon allsidig type.

I det femte programmet av den populære NRK-serien var det styrke og strategi som var temaet for dei ulike konkurransane. Johansen enda heilt nedst på resultatlista, og valde Svendsen som låg på plassen over:

– Eg rauk jo i nattesten mot Kari Mette som rett og slett var kjappare enn meg. Då er det heilt greitt. Ho fortente å gå vidare.

Sliten og lei

Emil Hegle Svendsen kan sjå tilbake på ei fantastisk karriere som skiskyttar. Han har vunne fire OL-gull, tre OL-sølv og ein OL-bronse. I tillegg har han tolv gull, seks sølv og tre bronsemedaljar frå VM. Han kan også skilte med 37 einskilde sigrar i verdscupen. I sesongen 2009/10 gjekk han heilt til topps i verdscupen samanlagt.

Emil Hegle Svendsen om å gå ut på dato

BLANDA ERFARING: Emil Hegle Svendsen om korleis det var å slutte med skiskyting.

Han fortel at det var ei blanda oppleving å slutte med idretten som har vore ein så stor del av livet:

– Du går jo ut av ei boble og inn i eit vanleg liv, så det er jo et lite sjokk, kan du seie. Men for min del har det vore snakk om å fjerne ganske mange kilo frå skuldrene.

Svendsen er trygg på at det var ei rett avgjerd å slutte etter sesongen 2018. Han hadde slite med sjukdom og skader i fleire år, og det vart stadig vanskelegare å finne nok motivasjon til å halde fram:

– Det var nok mest i hovudet at eg byrja å gå ut på dato. Eg var litt lei og var ikkje lenger villig til å ofre det som skal til for å vere med heilt i toppen. Då var det like greitt å gje seg. Kroppen kunne nok ha tolt nokre år til, men eg var ferdig i hovudet.

Livet etterpå

Etter at han la skia og geværet på hylla er det familien som har fått det meste av merksemda til Emil Hegle Svendsen:

– Eg har jo blitt pappa då, det er jo veldig stort, sjølvsagt. Og det er veldig moro!

I tillegg har han studert til bachelorgrad i entreprenørskap og vore mentor for eit privat skiskyttarlag:

– Det er sjølvsagt fint å ha ein fot med i idretten og prøve å gje nokre gode råd der.

Det siste har han fått endå meir høve til denne vinteren etter at han byrja som ekspertkommentator i NRK. No skal Svendsen skal vurdere kompisene: – De er klare for å bli slakta

Svendsen har det ikkje travelt med å få seg jobb utover NRK-engasjementet, men merkar interesse frå delar av næringslivet:

– Dei er nyfikne på kva vi i toppidretten driv på med. Koss vi tenkjer og korleis vi jobbar. Så vi får sjå kva framtida bringar. Eg er open for mykje, eigentleg.

Emil Hegle Svendsen

KLAR: Emil Hegle Svendsen er klar for livet 2.0

Foto: arne sørenes / nrk

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.