Fire festivalperler du bør få med deg

Ein avlyst festivalsommar set ikkje stoppar for dei gode opplevingane. NRK gir deg det beste frå festivalsommaren 2020, og her fire perler som kan gjere dagen betre.

Festivalsommer logo

Gjennom sommaren 2020 gir NRK deg noko av det beste frå festivalane i Noreg.

Foto: NRK

Trass reglar for kor mange personar det er lov til å vere på eit arrangement, så har ikkje covid-19 stoppa festivalarrangørar i å skape opplevingar. Allereie har blant anna Festspillene i Bergen og Nattjazz, Melafestivalen, Risør Kammermusikkfest, og OverOslo strøyma konsertar.

Her er ei god blanding med artistar som gir festivalstemning.

«Så vidunderleg» med Kim Rysstad

Gjennom høsten 2019 sjarmerte Kim Rysstad hele Norge i TV-programmet Stjernekamp. Under Risør kammermusikkfest i 2020 deltok han sammen med gitarist Trym Bjønnes. Deres samarbeid tok til i 2010 og har resultert i utallige konserter og plateinnspillinger. De ble nominert til Spellemannprisen i 2011 for plata ”Vegen”.

SAMARBEID: Gjennom hausten 2019 sjarmerte Kim Rysstad heile Noreg i TV-programmet Stjernekamp. Under Risør kammermusikkfest i 2020 deltok han saman med gitarist Trym Bjønnes. Samarbeidet byrja i 2010 og har resultert i tallause konsertar og plateinnspelingar. Dei vart nominert til Spellemannprisen i 2011 for plata «Vegen».

For kvedar og musikar Kim Rysstad vart sommaren veldig annleis enn kva som var planlagt. Alle planar om konsertar vart utsett og avlyst.

– Det har vore veldig rart eigentleg. Det gjekk frå full rulle til ingenting, seier Rysstad.

Han har nytta tida til å skrive og spele inn nytt materiale. Han har også gjort nokre konsertar, blant anna på ein digital Risør kammermusikkfest.

– Det eg saknar mest med festivalar og konsertar, er å møte publikum. Det er det som har vore så rart, å ikkje få treffe dei du syng for, seier Rysstad.

– Det kjennest ekstra at eg er på riktig plass. Når eg er på scenen, så er det der eg vil vere, og det var Risør med på å forsterke.

Kim Rysstad er også gjest i Sommer i P2. Høyr sendinga her: Sommer i P2

«Freddie Freeloader» med Mathias Eick

Festspillene i Bergen føregjekk utan publikum i salen. Nattjazz i Bergen bydde på konsert med Mathias Eick og hans personlige tolkning av det legendariske Miles Davies-albumet "Kind of Blue.". Med Kjetil Møster på tenorsaksofon, Martin Myhre Olsen på altsaksofon, Erlend Skomsvoll på piano, Johannes Eick på kontrabass, Håkon Mjåset Johansen på trommer og Mathias Eick på trompet.

KONSERT: Festspillene i Bergen føregjekk utan publikum i salen. Nattjazz i Bergen bydde på konsert med Mathias Eick og hans personlege tolking av det legendariske Miles Davies-albumet «Kind of Blue«». Med Kjetil Møster på tenorsaksofon, Martin Myhre Olsen på altsaksofon, Erlend Skomsvoll på piano, Johannes Eick på kontrabass, Håkon Mjåset Johansen på trommer og Mathias Eick på trompet.

– Det er den mest rolege og behagelege sommaren i heile mitt liv, i heile mitt vaksne liv, seier Mathias Eick.

Jazzmusikaren og trompetisten har ikkje spelt ein einaste konsert i sommar, og det skal han heller ikkje i heile juli månad. Tida nyttar han til å reise i Danmark og i Noreg med familien, treffe vener, øve, skrive musikk, og lage mat som sjølverklært grillkonge.

– Er det lov som artist, å seie at du nyt å ikkje spele for andre?

– Ja, seier Eick og ler.

– Eg er så glad i å spele, og eg er så glad i å spele for folk, men eg er så glad i å vere saman med familien. No har eg funne ut at det er heilt utruleg herleg, og eg kjem til å reise litt mindre i framtida, seier han.

Han innrømmer likevel at det er mykje med festivalar som er eit sakn, som å møte gode vener der.

– Og å kome til by og bygd i eit slags høgtidsmodus der alle gler seg over at det er ekstra mykje som skjer, og det er musikk, glede, og ei flott fellesskapskjensle, seier Eick.

«Fellesbiblioteket» med Sofia Knudsen Estifanos

Sofia Knudsen Estifanos er skuespiller og slampoet. Her er klipp fra hennes forestilling under Mela-festivalen i juni 2020.

SLAMPOESI: Sofia Knudsen Estifanos er skodespelar og slampoet. Klippet er frå førestillinga hennar under Melafestivalen i juni 2020, med Arthur Kay Piene på keyboard.

Skodespelar og slampoet Sofia Knudsen Estifanos er ein av dei mange som fekk oppdrag avlyst i korona-tida. Ho meiner likevel at ho hadde flaks når det gjeld jobb, for ho hadde planlagt å skrive i ein periode.

Då sommaren nærma seg fekk det omreisande teaterkompaniet ho er med i, Campingkompaniet, støtte frå Oslo kommune til ein nabolagsturné i bakgardar i Oslo.

I tillegg fekk ho også, regi av Melafestivalen, stå på scenen igjen i juni, med noko publikum.

– Dei beste dagane og dei beste jobbane er dei der eg får kontakt med publikum, og eg føler me står i det saman. Det følte eg veldig sterkt då, seier ho.

«Andre boller» med Lars Saabye Christensen

Forfatter Lars Saabye Christensen leser sitt eget dikt, "Andre boller", akkopagnert av Hedvig Mollestad under Norsk Litteraturfestival i Oslo 2020.

ANDRE BOLLER: Forfattar Lars Saabye Christensen les diktet sitt, «Andre boller», akkompagnert av Hedvig Mollestad under Norsk Litteraturfestival i Oslo 2020.

Lars Saabye Christensen er vane med å jobbe heime, så covid-19 har ikkje endra situasjonen så mykje for han som forfattar. Likevel har uroa som har vore i samfunnet prega han.

– Eg synest det har vore vanskeleg å ha tankane konsentrert andre stader enn faktisk i vår samtid, med det som skjer framføre augo på oss akkurat no, seier Saabye Christensen.

Han er sikker på at månadene med korona kjem til å dukke opp i litteraturen.

– Desse månadene har vore så annleis og ekstreme i forhold til det normale samfunnstilværet, så dette er mat for forfattarar, seier han.

Det har likevel vore eit sakn for forfattaren å ha opplesingar for publikum.

– Eg har vel aldri hatt eit så stort opphald når det gjeld dei tinga, men det kan eg leve med. Det er bagatellar i forhold til folk som mistar arbeid, går konkurs, og som må legge ned.

Gjennom sommaren 2020 gir NRK deg noko av det beste frå festivalane i Noreg.

Sjå også:

Kulturstrøm

  • TikTok og Twitter i samtaler

    Den kinesiske videoappen TikTok skal være i samtaler med Twitter om et samarbeid, melder Wall Street Journal. Det skal dreie seg om tidlige forhandlinger om drift av appens amerikanske del etter at president Trump nektet TikTok å drive videre i USA.

  • TikTok saksøker Trump-regjeringa

    TikTok vil saksøke Trump-regjeringa for restriksjonane mot appen. Søksmålet kan kome alt tysdag, melder NPR, som siterer ei anonym kjelde som skal arbeide med søksmålet. TikTok mener vedtaket er i strid mot grunnlova fordi dei ikkje fekk uttale seg.