Dei tidlegaste vitskaplege undersøkingane hevda at barn sine evner til å skjøne ironi ikkje vart utvikla før dei kom langt opp i tenåra.
Men denne forskinga har ifølge språkforskar Ingrid Lossius Falkum fleire svakheitstrekk.
– Den gongen vart det gitt oppgåver med lite kontekst, noko som er veldig viktig for å kunne forstå ironi. I tillegg vart det også stilt vanskelege spørsmål, forklarar ho.
Fleire nyare studiar viser at barn skjønar ironi tidlegare enn først antatt. Allereie i 2010 kom canadiske forskarar fram til at barn skjønar ironi frå dei er seks år gamle.
No leiar Falkum eit nytt forskingsprosjekt om barn og ironi ved Universitetet i Oslo. Her har forskarane mellom anna prøvd å bruke eit overdrive tonefall som tydeleg signaliserer at det her er snakk om noko dei ikkje meiner.
– Det som er interessant med vår forsking er at fire-femåringane, som jamt over gjorde det dårlegare enn dei som var eit par år eldre, vart betre viss ironien vart uttrykt med eit overdrive parodisk tonefall, seier Falkum.
Ironi på norsk
Ein annan ting som gjer den norske ironiforskinga spesielt interessant, er at ordet ironi i Noreg og Nord-Amerika ikkje betyr heilt det same.
I Nord-Amerika har ironi ofte ei breiare tyding. Der dekkjer ordet både sarkasme, overdrivingar, underdrivingar og retoriske spørsmål.
I Noreg er definisjonen som regel smalare:
– Her handlar ironi om å distansere seg frå ein tanke, samtidig som ein latterleggjer han, og alle som kan tenkje seg å ha den tanken, forklarar Falkum.
– Vil det seie at ironi er det same som sarkasme?
– Ja, måten vi brukar ironi på ofte overlappar med sarkasmedefinisjonen. Men i kva grad ironi og sarkasme er det same er det delte meiningar om.
– Styr unna ironisk kritikk
Sjølv om barna faktisk lærer ironi ganske tidleg, vil Falkum likevel anbefale vaksne å vere forsiktig med å vere ironiske med barna – spesielt viss meininga er å uttrykke kritikk.
– Barna må få all informasjonen dei treng for å kunne tolke den ironiske ytringa. Vaksne brukar ofte ironi med kvarandre til å pakke inn kritikken litt. Det kan fort bli utydeleg og vanskeleg å forstå. Då finst det meir pedagogiske og effektive måtar å kommunisere med barn på, seier Falkum.
– Kan barn lære å forstå ironi?
– Ja, det kan dei absolutt. På eit eller anna tidspunkt lærer jo alle det. Men viss ein er eksplisitt med barn, så trur eg dei kan lære seg dette tidlegare. Ver tydeleg på at tonefallet er annleis. Bruk mimikk, kroppsspråk, og måtar å signalisere at det du seier ikkje skal bli tolka bokstavleg. Slike teikn er barn veldig merksame på.
- Les meir: I 2001 strauk over 2000 vidaregåande elevar på eksamen fordi dei ikkje skjønte ironien i ein Kjartan Fløgstad-tekst.
- Høyr: Ingrid Lossius Falkum snakkar om barn og ironi i P2-programmet Språkteigen.
Anbefalt videre lesning:
Har funnet ordene vi ikke bruker. Jens Barland spurte på Facebook etter ord vi holder på å glemme. Nå blir rundt 1400 døende ord til bok. Les saken og ta testen for å se hvor mange du kjenner igjen.