Den siste sesongen om dei galne finansgutane frå Aker Brygge er i rute.
Finalesesongen til Exit skal handla om korleis multimillionærane utnyttar skatteparadis, kryptovaluta og det grøne skiftet for å tena endå fleire millionar.
Ein av desse millionærane er William, karakteren som vert spelt av Pål Sverre Hagen og som førre sesong stilte spørsmålsteikn ved om skulle døy eller ikkje.
Men han er i levande live i sesong tre, noko dei fyrste meldingane om serien røper.
Ikkje lett å gjetta kvar i verda William (Pål Sverre Hagen) er her. Sesong tre av Exit vart spelt inn i Marokko, Spania, Frankrike, England, Sverige og Noreg.
Foto: Fremantle / NRK– Eg lover ingen opptur for karakteren, men eg trur folk vil ha glede av å avslutta serien saman med oss, seier skodespelar Hagen.
Heller ikkje han visste kva som var i vente for William då førre sesong vart avslutta.
– Eit behov for hemn
Men hovudpersonane er ikkje berre menn i dress. Agnes Kittelsen speler Hermine som heile vegen har vore ein drivande motor i serien.
– Hermine er ein karakter som byrja éin stad og hadde éi oppfatning av kven ho var, men så ender ho opp ein stad ho aldri kunne sett føre seg at ho ville enda opp i, fortel Kittelsen.
Agnes Kittelsen speler Hermine som har ein plan om å øydelegga for finansmennene éin gong for alle.
Foto: FREMANTLE / NRKHermine har opplevd både psykisk og fysisk vald frå ektemannen Adam, og har sidan fyrste sesong hatt eit mål om å koma seg ut av miljøet.
– Denne sesongen held ho fram med si reise mot det som kanskje er fridomen.
Kva er det som gjer at Hermine klarer seg?
– Eg trur det er ei blanding av eit sterkt overlevingsinstinkt og, i alle fall i tredje sesong, eit behov for hemn. Spenningsmomentet ligg i det ho skal ta denne reisa, ta hemn, og kva det gjer ho til. Gjer det ho til ein av gutane, eller vert ho noko anna?
I sesong tre handlar det blant anna om korleis norske vindkraftpengar hamnar i skatteparadis. Det vil også Exit-gjengen vinna på.
Foto: Freemantle / NRK– Naturleg stad å setta punktum
Stemmer det at det finst norske vindkraftpengar i skatteparadisa? NRK har blant anna snakka med Økokrim i klippet over.
Serieskapar Øystein Karlsen har igjennom heile serien intervjua personar som er i eller kjenner til det norske finansmiljøet.
Ifølgje Karlsen er serien kring 70 prosent verkelegheit, 30 prosent fri fantasi.
– Eg håper at sjåarane sit igjen med eit innblikk i eit miljø som dei ikkje visste fanst i eit nyrikt Noreg. Eg håper at sjølvgodskapen vår har fått eit skot for baugen og at sjåarane har vorte underheldt, seier Karlsen.
Serien, som er Noregs mest sette ordinære dramaserie med kring 2 millionar sjåarar, er selt til rundt femti land.
I morgon kjem dei tre fyrste episodane i nettspelaren til NRK TV. Kittelsen legg til at det er tilfredsstillande at ein torer å fortelja ei historie som har ein slutt.
– Det er ein fin og naturleg stad å setta punktum for Exit-universet, avsluttar Kittelsen.