Runden enda opp med eit moneleg poengskilje, men sørlandslaget var ein verdig motstandar, og fortener særleg ros for å halde den musikalske moralen oppe: I siste spørsmål kunne fleire av medlemmene synge med på den vakre Sanctus-satsen frå Duruflés Requiem. Dermed var humøret på topp, trass i at stillinga vart på 21-11.
Opna sterkt
Laga fekk lik poengsum etter 1. spørsmål, om den såkalla London-Bach, Johann Christian Bachs ”Sinfonia” frå opus 18.
Det vart heller ikkje den store nivåforskjellen i første kortoppgåve, sjølv om Haugesund mellom anna imponerte med kjennskap til Hans Pfitzners opera ”Palestrina” og sikra seg dei to poenga her. Deretter drog Haugesund i frå jamnt og trutt, og virka svært trygge både på Stravinskys mellomperiodeverk ”Konsert for to soloklaver”, skrive for han sjølv og sonen Soulima, og Ludvig Irgens Jensens orkestersangar ”Japanischer Frühling”, spelt i opptak frå urframføringa med Eva Prytz.
Stopp?
I ”Stopp musikken” vart det underleg stilt frå sørlandet. Dommarane måtte til slutt lure på om mikrofonane virka, men det var nok dei munnrappe haugesundarane, ikkje teknikken, som var problemet for Kristiansandslaget.
I avslutningspøsmålet vart det full pott for Haugesund, men her var altså Kristiansand med igjen, og bomma berre på årstalet.
Kommande tysdag skal Bergen og Trondheim i elden, for å kvalisere seg til finale i Store Studio på Marienlyst – då med levande musikknøtter!