Hopp til innhold

Finale i Stjernekamp: – Eg gler meg skikkeleg

På laurdag blir årets ultimate entertainer kåra. Blir det Alexandra Rotan eller blir det Bjørn Tomren?

Stjernekamp 2021 - finalister

FINALIST: Bjørn Tomren og Alexandra Rotan er igjen i konkurransen om å bli Noregs neste ultimate entertainer.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Eg blir overraska om eg vinn. Eg låg jo nedst på tippe-sidene idet Stjernekamp starta, seier Bjørn Tomren.

– Når det er sagt skal eg gjere så godt eg kan på laurdag.

Han hadde oddsa mot seg, men har klart å motbevise skeptikarane gong etter gong.

Nå er Tomren i finalen saman med Alexandra Rotan.

– Eg gler meg til å gi folk eit skikkeleg finaleshow. Det er 10-årsjubileum, så dette skal feirast, seier Rotan.

Alexandra Rotan under generalprøven til Stjernekamp, 23. oktober 2021. Kategorien er musikal.

SHOW: Det skal bli show, lovar Alexandra Rotan. Her avbilda frå førre laurdag.

Foto: Julia Marie Naglestad

Gjensyn med tidlegare vinnarar

På laurdag er det altså den tiande finalefesten i Stjernekamp, og det blir ikkje spart på krutet.

Det blir fullt hus med gjestedommarane Knut Marius Djupvik og Ingeborg Heldal.

I tillegg blir det framsyning med åtte tidlegare vinnarar og alle årets deltakarar.

Finalistane skal starte showet med eigenkomponert låt, og fyrst ut er Tomren som skal ha med seg Heine Bugge på scena. Saman er dei Polkabjørn og Kleine Heine.

Stjernekamp 2021 - Bjørn Tomren og Heine Bugge

POLKABJØRN OG KLEINE HEINE: Bjørn Tomren og Heine Bugge under prøvene til finalen.

Foto: Helene Amlie / NRK

– Det blir stas, seier tomrefjordingen.

– Starta Stjernekamp som sjølvkritisk

Alexandra Rotan skal ha med seg KEiiNO på scena. Saman skal dei framføre ein låt som betyr ekstra mykje for 25-åringen.

– «Venus» er ein låt vi skreiv før Stjernekamp. Den handlar om å sleppe dei sjølvkritiske tankane og tru på at ein er god nok som ein er. Det er nok å berre vere meg, fortel ho.

– Eg starta Stjernekamp som veldig sjølvkritisk, men har blitt sterkare i løpet av konkurransen, og kan framføre låten med den største stoltheit på laurdag!

Stjernekamp 2021 - Alexandra Rotan med KEiiNO

KEiiNO: Alexandra Rotan med Tom Hugo (t.v.) og Fred Buljo. Saman er dei gruppa KEiiNO.

Foto: Helene Amlie / NRK

Tidenes finalefest

Bjørn summerer opp Stjernekamp som ein «overraskande affære», medan Alexandra skildrar det som ei «fantastisk oppleving».

– Eg har fått venar for livet, og eg har også vakse som artist og menneske.

Begge kjem til å sakne dei andre deltakarane og samhaldet dei har hatt. Men fyrst er det show.

Blir dette tidenes finalefest?

–Ja!, seier Rotan.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP