Hopp til innhold

Filosof om USA: – Sosiale medium kan skape nye politiske verkelegheiter

Då Trump-tilhengjarar storma Kongressen i USA, la presidenten ut ein støttande video til mobben på Twitter. – Lynrask propaganda, seier Espen Hammer.

Demonstranter inne i Kongressen, i midten Jake Angeli

TRUMP-TILHENGJARAR: Under demonstrasjonen i Washington D.C, onsdag, brukte opprørarane vald for storme Kongressen.

Foto: JIM LO SCALZO / EPA / NTB

Espen Hammer har skrive boka «USA, ei supermakt i krise» og meiner sosiale medium har mykje å seie for politikken.

Espen Hammer

Espen Hammer, filosofiprofessor ved Temple University i Philadelphia og forfattar

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Sosiale medium har gjort det mogeleg for ekstreme grupper å mobilisere seg svært hurtig og effektivt.

Han meiner sosiale medium kan vere med å skape ei ny politisk verkelegheit, og peiker på ekkokammera som har oppstått på den ytre høgresida i amerikansk politikk.

– Den politikken som blir ført via sosiale medium, set sanninga til sides og skapar ei ny verkelegheit i ei høg hastigheit. Den har evna til å forplante seg uhyre raskt blant dei målgruppene som eksisterer, seier Hammer.

Mange reagerer

Sidan demonstrasjonane utanfor Kongressen i USA starta på onsdag, har sosiale medium verda over kokt.

Mange krev at president Donald Trump skal bli avsett før han skal gå av om to veker. Andre samanliknar mottakinga av dei valdelege demonstrantane med opptøyane etter at Georg Floyd vart drepen i fjor.

Laster Twitter-innhold

– Ti år i fengsel

Politiet sin beredskap gjer at mange spør seg om lova er lik for alle. Ein av dei som reagerer er advokat Jon Wessel-Aas, som er kritisk til måten Trump snakka til demonstrantane.

Han seier at Black Lives Matter-demonstrasjonane i USA i fjor sommar i utgangspunktet var lovlege. Men at det også var folk som dreiv med vandalisme og liknande.

Jon Wessel -Aas

Jon Wessel-Aas, advokat.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Då brukte Trump Twitter for å ta til orde for at dei skulle slåast hardt ned på. Dei skulle i fengsel i minst ti år alle saman. Medan på onsdag sa han berre at han forstod dei, valet er stelt, gå heim fredeleg. Så la han til: «Vi elskar dykk. De er veldig spesielle».

Wessel-Aas understrekar at dette er folk som har tatt seg inn i den lovgjevande forsamlinga med vald.

– Og Trump tek ikkje til orde for at nokon av dei skal straffast og kritiserer ikkje dei. Dette skaper berre meir splitting.

Gjentok påstand om valjuks

Gjennom heile presidentskapen har Trump brukt Twitter til å få ut bodskapen sin.

Onsdag la han ut videoen der han snakkar til sine 88,7 millionar Twitter-følgjarar. Det er i denne videoen han oppmodar demonstrantane til å gå heim.

– De må gå heim no. Vi vil ikkje at nokon skal bli skadde, sa Trump i den korte talen til opprørarane medan angrepet på Kongressen skjedde. Han gjentok også påstanden om valjuks.

FOLK LEI: No krev folk at Trump blir fjerna frå Det kvite hus, to veker før Joe Biden skal ta over som president i USA.

Videoen og fleire andre innlegg er no fjerna frå profilen til presidenten. Trump blei natt til torsdag utestengt frå Twitter, Snapchat og YouTube.

På Facebook skriv Mark Zuckerberg at presidenten også vil bli utestengt frå Instagram og Facebook fram til Joe Biden blir innsett den 20 januar.

Kulturstrøm

  • «NCIS»-skuespiller David McCallum er død

    Skuespiller David McCallum, best kjent fra TV-seriene «NCIS» og «The Man From U.N.C.L.E.», er død. Han ble 90 år gammel.

    McCallum døde i New York mandag av naturlige årsaker. Han hadde familien ved sin side, skriver CBS i en uttalelse.

    – David var en begavet skuespiller og forfatter, og var verdsatt av mange verden rundt. Han levde et utrolig liv, og ettermælet hans vil leve for alltid gjennom familien og de utallige timene med film og TV som aldri blir borte, heter det i uttalelsen. (NTB)

Flere kulturnyheter