NRK Meny
Normal

Filmregissør refsa Trump under prisutdeling

Den meksikanske filmregissøren Alejandro Gonzalez Inarritu refsa Donald Trump etter å ha vunne den gjævaste prisen under ei prisutdeling i natt.

THE REVENANT

Filmen 'The Revenant' er blant storfavorittane til Oscar-utdelinga.

Foto: Kimberley French

Tre veker før Oscar-utdelinga fekk Inarritu i natt prisen for beste regi for filmen «The Revenant» under ei utdeling det amerikanske regissørlauget (DGA) arrangerer. Han er med det den første regissøren i historia som vinn denne prisen to år på rad.

I fjor fekk han regiprisen for den svarte komedien «Birdman». Før han vann same kategori under Oscar-gallaen nokre veker seinare.

Refsa Trump

Beste regi gikk til Alejandro G. Iñárritu

Alejandro Gonzalez Inarritu refsa Donald Trump etter prisutdelinga i natt.

Foto: Best Picture

Inarritu vann også Golden Globe for «The Revenant» tidlegare i år. Filmen handlar om pelsjegeren Hugh Glass, spelt av ein annan Oscar-favoritt, Leonardo DiCaprio.

I takketalen tileigna ein rørt Inarritu prisen til faren som døydde for to år sidan, til dei mange meksikanarane som serverte på hotellet der prisande blei delte ut.

– Dei er på ingen måte dei menneska Donald Trump har skildra, det kan eg fortelje dykk, sa han som eit stikk til den republikanske presidentkandidaten sitt syn på innvandring.

Etter utdelinga refsa Inarritu nok ein gong Trump, som vil bygge ein mur på grensa mellom USA og Mexico.

– Styrken til USA er mangfaldet i landet. Å bygge ein mur er eit svik mot dette, sa han.

Eksklusiv klubb

Inarritu er no ein del av ein eksklusiv klubb av regissørar som har vunne to DGA-prisar. Blant dei andre namna på lista finn vi Ang Lee, Francis Ford Coppola og Clint Eastwood.

Steven Spielberg

Steven Spielberg er den einaste som har vunne tre regiprisar under DGA-utdelinga.

Foto: JEAN-PAUL PELISSIER / REUTERS

Steven Spielberg er den einaste regissøren som har vunne tre prisar, men Inarritu er altså den første som har vunne to år på rad.

DGA-prisane er ein av fleire amerikanske filmprisar som blir rekna som frampeik til kven som vinn dei gjeve Oscar-prisane i slutten av februar.

«The Revenant», der også Kristoffer Joner har ei mindre rolle, har forsynt seg godt i prisutdelingane i Hollywood denne vinteren. I tillegg til prisen til Inarritu i natt, har filmen også fått tre Golden Globe-prisar og ein hovudrolle-pris til Leonardo DiCaprio under Screen Actors Guild Awards for ei veke sidan.