Radarparet Harald og Veslemøy Zwart sin siste film får verkeleg svi av filmmeldarane. VG trillar berre ein toar. Det same gjer Aftenposten, og legg til merkelappen «totalhavari».
For Veslemøy Zwart er filmmeldingar forbundne med utryggleik og brannfare.
Lite tillit til meldarkorpset
– Det er ei usikker kjensle når du føler at det går rundt ein pyroman i nabolaget som når som helst kan tenna på huset du har brukt fem år på å bygga, og nyta at det går opp i flammar.
FILMPARET ZWART: Produsent Veslemøy og regissør Harald har også jobba saman om storfilmar som «Den rosa panteren 2», «Agent Cody Banks» og «Amundsen».
Foto: Christoffer Andersen / NTBFilmparet har fått kraftig kritikk for at dei ikkje tillet filmkritikarar å sjå filmen før publikum. Grunnen var den dårlege kritikken dei to første «Lange flate ballær»-filmane fekk. Men dei hadde ikkje noko å frykta frå folket.
Meldarane misnøgde og uvelkomne, men publikum strøymer på
«Lange flate ballær 3» går så det suser blant publikum. Filmen har den beste norske opningshelga til no i år med snaue 30000 selde billettar, og snart to veker etter premieren 1. april er dette talet meir enn dobla.
FOLKEKJÆRE: Fleire hundre tusen nordmenn har trykka den fotballglad gjengen frå Fredrikstad til sitt bryst, i motsetnad til filmmeldarkorpset.
Foto: SF Norge AS– Produsentane av «Lange flate ballær 3» er så redde for dårlege terningkast at dei nekta å visa filmen til meldarar før premieren. Dermed måtte eg gå på ein vanleg kinovising i Oslo på sjølve premieredagen, skriv filmmeldar i Aftenposten, Ingrid Åbergsjord.
Vanlegvis sett ein opp lukka pressevisingar for filmmeldarar slik at dei kan melda ein film før premieren.
– Det har vel omtrent ikkje skjedd før, så vidt eg kan hugsa, at ein norsk film blir nekta vist for filmkritikarar på førehand. Eg synest det er beklageleg at ein ikkje stolar meir på sitt eige produkt enn at ein toler å visa han, seier filmmeldar i NRK, Birger Vestmo.
MISNØGD: Filmmeldar i NRK, Birger Vestmo, tar ikkje avgjersla om å ikkje ha pressevising for «Lange flate ballær 3» med eit smil.
Foto: HENRIETTE DÆHLI / NRK / Henriette DæhliHan fortel at valet om å ikkje setja opp pressevisingar hadde alt å seie for deira avgjersle om å ikkje melda «Lange flate ballær 3».
Forventa slakt
Zwart synest det er like greitt. Dei venta seg slakta som kom, men ho avviser at det står på sjølvtillita.
– Når ein meldar konkluderer med at me mest sannsynleg skammar oss over filmen fordi me ikkje har pressevisingar så må eg berre protestera på det sterkaste og dementera det, seier ho.
Den første filmen i rekka blei årets mest sette norske film i 2006, medan toaren berre blei slått av andre storsuksessar som «Max Manus» og «Kautokeino-opprøret». Like fullt fall heller ikkje dei i smak hos meldarkorpset.
– Gap mellom publikum og filmmeldarar
– Våre erfaringar viser at komediar sjeldan fell i god jord hos filmkritikarar, så me tok denne avgjerda då pressevisingar mest sannsynleg ikkje ville tena oss, seier Zwart.
GLADE AMATØRAR: Det blir påpeika i filmmeldingar at mange av skodespelarane ein møter i «Lange flate ballær»-filmane er amatørar.
Foto: Christoffer Andersen / NTB– Det er ei tankekors at dei gapet er så stort mellom meldarane og publikum, legg ho til
Også andre publikumssuksessar som «Børning»-filmane og «Løvenes konge» har ikkje falle i smak hos filmkritikarane.
Zwart kan ha eit poeng, i alle fall ifølge den amerikanske filmprodusent Stephen Fellows.
Han har undersøkt kor forskjellig filmkritikarar og oss andre har vurdert 10449 filmar som gjekk i amerikanske kinosalar mellom 2000 og 2019.
I undersøkinga kom det fram at ein stort sett er einige, men at usemja har auka. Vidare fann Fellows at komedie er ein sjanger som kjem dårleg ut hos fagfolket.
– Me har ein meir vidareutvikla smakssans
Er filmkritikarar snobbete?
– Nei, det synest eg ikkje, men når ein er filmkritikar så har ein vanlegvis ein lidenskap for film som kanskje går litt vidare frå den vanlege folkekomedien, filmsmaken er kanskje litt meir vidareutvikla og ein har litt andre kvalitetskriterium for kva ein synest er bra og dårleg på kino, seier Vestmo.
– Me skal vera forsiktige med å tillegga vår eigen yrkesstand ei altfor stor viktigheit. For filmar som dette har ikkje meldingar stort å seie. Her går det meir på folkesnakket og merkevara som har gjort seg merkt gjennom fleire år, legg han til.
STORE NAMN: Ein del av merkevara til «Lange flate ballær»-filmane er dei mange kjente ansikta som dukkar opp. Samantha Fox er å sjå i den nyaste filmen.
Foto: Christoffer Andersen / NTBZwart er delvis einig i det siste, men etterlyser meir godvilje frå meldarkorpset.
– På Facebook florerer det med gode anbefalingar og meldingar frå publikum, men for dei som liker meldingar og les aviser så trur eg meldingar har noko å seie, seier ho.
– Det er synd, for gapet er så stort at ein no går glipp av gode filmopplevingar om ein vel å ta filmmeldingar til etterretning, legg Zwart til.
Svaret frå Vestmo er ein brannfakkel.
– Det enorme gapet er meir ein oppdikta fantasikonstruksjon.