Filmfestivalen i Berlin legg pris på is etter nazi-avsløringar

Festivalleiinga seier dei er overraska etter at det blei avslørt at grunnleggaren av filmfestivalen i Berlin hadde sterke band til propagandaapparatet til nazistane under krigen. No avlyser dei prisen som har kalla opp etter han.

Rød løper Berlinalen, filmfestivalen i Berlin

Om to veker blir den raude løparen rulla ut på nytt i Berlin. Men opplysningar om nazifortida til grunnleggaren Alfred Bauer har kasta skuggar over førbuingane til den 70. festivalen.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters

I førre veke avslørte den tyske vekeavisa Die Zeit at grunnleggaren av filmfestivalen i Berlin, Alfred Bauer, hadde tette band til nazistane både i mellomkrigstida og under krigen. Etter at krigen var over, skal han ha forsøkt å skjule fortida.

Ifølgje dokument avisa har fått tilgang til var Bauer medlem av det nasjonalsosialistiske partiet i Tyskland. Han var også medlem av partiet si paramilitære avdeling Sturmabteilung, SA, som spelte ei viktig rolle då Adolf Hitler kom til makta.

Under andre verdskrigen arbeidde Bauer i organisasjonen Josef Goebbels etablerte for å kontrollere filmindustrien.

Avlyser pris

Etter at han var med å grunnlegge filmfestivalen i Berlin i 1951, sat Alfred Bauer som direktør fram til 1976. Då han døydde i 1986 blei det oppretta ein pris var kalla opp etter han, som skulle gå til filmar som «opna nye perspektiv til filmkunst».

Blant filmane som har vunne prisen er Baz Luhrmans «Romeo + Juliet», «Maria Full of Grace» av Joshua Marston og fjorårets «Systemsprengeren» av Nora Fingscheidt.

Nora Fingscheidt.

Regissør og manusforfattar Nora Fingscheidt blei i 2019 den siste vinnaren av Sølvbjørnen som er kalla opp etter Alfred Bauer. No har festivalleiinga bestemt seg for å innstille prisen på grunn av fortida til Bauer.

Foto: ODD ANDERSEN / AFP

Men under årets festival, som er den 70. gongen festivalen blir arrangert, blir ikkje denne prisen delt ut. Det kunngjorde festivalleiinga på sosiale medium etter at avsløringane sist veke.

– I dagens artikkel i Die Zeit, kastar kjelder nytt lys over Alfred Bauers rolle. Tolkinga av desse kjeldene seier at han hadde sentrale posisjonar i Nazi-Tyskland. Vi innstiller Alfred Bauer prisen umiddelbart.

Laster Twitter-innhold

Sende brev

No har festivalleiinga skrive brev til tidlegare vinnarar av prisen, der dei skriv at dei er overraska over opplysningane som har kome fram den siste veka, skriv Deadline.

I brevet tek dei avstand frå fortida til Bauer, og skriv at dei vil gjere historiske undersøkingar for å klargjere situasjonen.

Festivaldirekørene Mariette Rissenbeek og Carlo Chatrian

Årets direktørduo under filmfestivalen i Berlin, Carlo Chatrian (t.v.) og Mariette Rissenbeek, seier dei er overraska over avsløringane som kom fram i Die Zeit.

Foto: ANNEGRET HILSE

Dei understrekar at sjølv om prisen var kalla opp etter Alfred Bauer, har det aldri vore ein samanheng mellom han som person og det som var meininga med prisen.

– Vi ønsker å understreke at prisen har gått til verk som har gjeve nye perspektiv til kino, og at han er ein heider av det arbeidet de har gjort, skriv dei i brevet.

Årets filmfestival i Berlin opnar 20. februar. Jeremy Irons skal leie den internasjonale juryen som skal dele ut Gullbjørnen og seks Sølvbjørnar.

Kulturstrøm

  • – Får støtte etter pilkastmetoden

    Torsdag kom Kulturrådet med den nye listen over hvem som har fått stimuleringsstøtte av Kulturdepartementet. Artistene Åge Sten Nilsen og Bjarne Brøndbo mener støtten til konserter ser ut til å bli delt ut helt tilfeldig. Kulturrådet avviser dette.

  • Setter våre fordommer på prøve

    Netflix-filmen «Monster» er et amerikansk drama om en 17-årig svart filmstudent som mistenkes for medvirkning til et ran med dødelig utgang. – Filmens største kvalitet er om vi kan stole på det gutten forteller eller ikke, skriver Filmpolitiet. Terningkast 4.

    Fra filmen "Monster". På bildet: Steve (Kelvin Harrison Jr.) og forsvarsadvokaten Katherine (Jennifer Ehle).
    Foto: NETFLIX © 2021
  • Piknik i Parken flyttes til 2022

    Festivalen som vanligvis kjøres i gang i Sofienbergparken i Oslo, flyttes fra i sommer til 2022. Bilettenes gyldighet forlenges til når PiPfest avholdes neste år, opplyser arrangøren. Ny dato er satt til 16. – 18. juni neste år.