Kva skjer med kjærleiken når du har tre månadar att å leve?
Filmen «Håp» er basert på regissøren Maria Sødahl sine eigne opplevingar med lungekreft, og har no blitt vald ut til å vere Noreg sin Oscar-kandidat i kategorien for beste internasjonale film.
– Eg er utruleg glad og blei svært stolt på vegner av skodespelarane Andrea Bræin Hovig og Stellan Skarsgård. På mange måtar er det deira film, og det er svært gøy.
Filmen handlar om ei kvinne som er midtvegs i livet når ho får vite at ho har svært kort tid att å leve. Og kva skjer so med kjærleiken?
– Eg trur det som er spesielt med den, er at det er ei veldig usentimental krefthistorie, -som eigentleg er ei litt annleis kjærleikshistorie, seier Sødahl.
Kjersti Mo er direktør i Norsk filminstitutt. Ho ein av dei som sit i Oscar-komiteen som valde ut filmen «Håp». Ho meiner at filmen gir eit svært sterkt inntrykk uavhengig av om ein sjølv har opplevd sjukdom på nært hald.
– Filmen handlar om livet, kjærleiken og håpet - og er ei universell historie som skapar ein enorm emosjonell respons. Den har fantastiske skodespelarprestasjonar, er vakkert fortalt og har ein sterk nærvær.
– Tematikken i filmen er evig aktuell og modig.
Difor trur ho at den kan kome langt i konkurransen om å bli nominert til Oscar for beste internasjonale film.
«Håp» er også nominert i klassa for beste regi og Hovig for beste kvinnelege skodespelar i European Film Awards, som er Europa sitt svar på Oscar.
Ein hard kamp
Det stod mellom tre filmar då juyen skulle ta avgjersla om kven som skulle vere Noreg sitt bidrag. Fiksjonsfilmane «Disco» og «Håp» og dokumentarfilmen «Selvportrett».
Onsdag la regissørane og produsentane for dei tre filmane fram planane sine for ein eventuell Oscar-kampanje, for den norske komiteen. Det var etter det at filmen «Håp» blei vald ut til å vere Noreg sitt bidrag i den gjeve prisutdelinga.
Filmar frå heile verda kjempar om den same statuetten, og det er berre fem som faktisk endar opp med å bli nominert i kategorien under sjølve Oscarutdelinga.
Om filmen går av med sigeren vil det vere svært positivt for norsk film, seier Mo.
– Det ville det vere eit kjempe-statment og sette Noreg på kartet. Både i Europa men også med tanke på den store marknaden i Nord-Amerika.
Noreg har blitt nominert til beste internasjonale film fem gongar - utan å vinne.
Det var med langfilmane Kon-Tiki (2013), Elling (2001), Søndagsengler (1996), Veiviseren (1987) og Ni Liv (1957).
Noreg har tidlegare vunne Oscar for kortfilmen «The Danish Poet» og beste dokumentarfilm med «Kon-Tiki». No står det berre att å sjå om «Håp» er den fyrste norske filmen til å vinne i kategorien for beste internasjonale film.
– Det kan ein berre førestille seg og leike med tanken. Eg trur at ingenting er umogeleg i desse tider, avsluttar Sødahl.