- Tannlaus kyrkjekampanje

Med ein omfattande reklamekampanje skal kyrkjevalet vinne folket sitt engasjement frem mot valdagen 14. september.

Åfjord kirke
Foto: Tor Beisvåg

Majestetiske bilete av høgreiste kyrkjer tonar sakte over i kvarandre, med eit buldrande bakteppe av kyrkjeklokker. Slik vil den norske kyrkja ringje heile folket inn til kyrkjevalurnene 14. september.

- Ein tannlaus kampanje, meiner kommunikasjonsekspert.

Historisk val

For første gong skal kyrkjevalet haldast samtidig som stortingsvalet. Blant over 16.000 kandidatar, skal medlemmer av statskyrkja stemme fram både bispedømmeråd og menigheitsråd.

Budsjettet for demokratireforma i kyrkja er på heile 73 millionar kroner, samstundes kostar informasjonskampanjen åleine åtte millionar kroner. Kampanjen inkluderer mellom anna radioreklamer og nettannonsering, fortel prosjektleiar Sissel Vartdal.

- Vi vel å køyre dette som ein kampanje som skal gje oss stor merksemd om kyrkjevalet, som er eit historisk val av fleire grunnar og vi trur at for å komme igjennom i denne medieverda må vi ha litt å kome med.

Får stryk

Spydspissen i infokampanjen er ein påkosta reklamefilm som kyrkja har kjøpt rikeleg med plass til på TV2 i vekene før valet.

- Vi tenkjer at denne filmen skal nå folk. Bodskapen vil vere så tydeleg at vi trur den vil når fram, i tillegg til at det andre vi gjer for å informere, seier Vartdal.

Men fagleg leiar i kommunikasjonshuset Dinamo, Ivar Vereide, meiner produktet står til stryk.

- Det er null innhald, det blir slik føleri, synest eg, utan at det gir meg noko.

Vereide seier at filmen ikkje seier anna enn at det er kyrkjeval same dag som stortingsvalet. Filmen avsluttar med spørsmålet «Kva slags kyrkje vil du ha?». Men Vereide meiner at filmen ikkje seier noko om kva han kan bruke si stemme på, eller kva han kan påverke med nettopp si stemme.

- Dei kastar bort ganske mykje pengar på å seie veldig lite.

Høgare valdeltaking

Ein som er usamd med Vereide, er kyrkjeminister Trond Giske som tykkjer at filmen er flott. Han trur årets kampanje vil auke engasjementet blant kyrkja sine medlemmer. Under kyrkjevalet for fire år sidan var oppslutnaden på vel fire prosent, i Sverige har ein hatt opp mot 15 prosent.

- Dette er heilt nytt i Noreg, så vi skal være forberedt på at valdeltakinga ikkje nødvendigvis blir den største. Men no har folk i alle fall reelle valmogelegheiter mellom ulike kandidatane som skal styre kyrkja i framtida, og det er det viktigaste, seier Giske som meiner at filmen er verdt prisen om den får folk med.

Men Vereide trur ikkje på høgare valdeltaking.

- Eg trur folk ville spinge raskare til urnene dersom filmen hadde sagt noko om noko som kanskje kunne vore viktige valalternativ. Det er mange tema her som eg meiner at kyrkja med fordel kunne turt å nærme seg, seier han.

Kulturstrøm

  • Stephen Sondheim er død (91)

    Låtskriver, tekstforfatter og komponist Stephen Sondheim er død, melder advokaten hans til The New York Times. Sondheim ble 91 år gammel. Han er kjent for musikaler som «West Side Story «og «Sweeney Todd».

  • Astrid S med plagiatanklage

    Manageren til Astris S, Gilbert Lunde, skriver på Twitter at de er i kontakt med teamet til French Montana, etter at de anklaget ham for plagiat. Manageren skriver: «Jeg kan bekrefte at dette ikke har blitt klarert i forkant, men at vi nå er i kontakt med teamet til French Montana for å finne ut hva som har skjedd, og for å få riktige avtaler på plass».