Hopp til innhold

Anbefaler å gjennomføra festivalar i sommar

Vaksinar, hurtigtestar, helsepass og andre tiltak for smittevern gjer det mogeleg for styresmaktene å tillata festivalar i sommar, meiner ei arbeidsgruppe for festivalar.

Vinjerock 2014

HÅP: Ei arbeidsgruppe frå festivalbransjen legg i dag fram forslag til korleis festivalsommaren kan løysast på ein trygg og god måte. Bildet er frå Vinjerock i 2014.

Foto: Henning Mella

Arbeidsgruppa ber Kulturdepartementet opna for eit samarbeid om desse tiltaka. I tillegg vil dei ha samarbeid om å testa korleis slike tiltak verkar på smittespreiinga i ved å halda testarrangement i mai.

Forslaga om korleis festivalar kan arrangerast på ein trygg måte, blei lagt fram for kulturminister Abid Raja (V) under eit møte i dag. Arbeidsgruppa som laga dei, har han sjølv sett ned.

– Me har fortsatt ein uføreseieleg situasjon, eg vil levera innspela til helsestyresmaktene så dei kan vurdera dei, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja i ei pressemelding.

To spørsmål å svara på

Forslaga kjem etter at kulturministeren ba fagfolka innan festivalbransjen å svara på to spørsmål:

Korleis kan ein arrangera festivalar innanfor dei smittevernreglane som gjeld no?

Korleis kan ein opna for større arrangement med meir publikum, på ein trygg måte?

Leiar av arbeidsgruppa Frank Nes, seier målet deira er å gje publikum ein peikepinn på kva dei kan venta seg i sommar.

– Me må presisera at arrangement ikkje skal vera ein større risiko for smittespreiing enn me har elles i samfunnet.

Nes seier dei er heilt avhengige av at vaksineringa går bra. Og då er det fint å sjå at endå ein vaksine ser ut til å bli godkjent denne veka.

– Hurtigtesting eller vaksinepass?

For Notodden Bluesfestival gjekk billettsalet før nyttår veldig bra. Det dalte raskt då smittesituasjonen i landet tilspissa seg i starten av 2021, fortel festivalsjef Jostein Forsberg.

Jostein Forsberg

UTFORDRANDE: Festivalsjefen hos Notodden Bluesfesitval fortel at dei for tida planlegg for tre ulike scenario.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

– Men eg får jo dagleg spørsmål frå publikum om det blir festival. Og akkurat som oss, ønsker dei så veldig at det skal bli festival, og at ein kan treffast og høyra live musikk.

For å få det til, vil Forsberg ha ein større tryggleik før dei går vidare i planlegginga. Han viser til at kulturministeren i januar gav klarsignal til festivalane om å planlegga å opna i sommar.

– Anna enn nokre pengar i botn, har det ikkje kome nokre kriterium for korleis dette skal skje til sommaren. Me treng litt meir tryggleik rundt ei eventuell kompensasjonsordning eller ein underskotsgaranti, seier Forsberg.

Han får støtte frå festivalsjef Sigrid Skjerdal i Vinjerock, som meiner at festivalbransjen har kunnskap og erfaring nok til å laga trygge og gode arrangement.

– Men memå jo vita kva styresmaktene set som gode nok tiltak. Kva er relevante tiltak? Kva skal me bruka tida vår på og læra oss å laga system for? Om det er hurtigtesting eller vaksinepass, eller gudane veit, seier Skjerdal.

Camp Uranos - Vinjerock

HALVFULLT: Vinjerock er ein populær friluftsfestival i Jotunheimen. Festivalsjef Skjerdal håpar at dei kan ha 1500 gjester. Det er halvparten av normal kapasitet.

Foto: Knut Bøe / NRK

Uvisst med utanlandske artistar

Mange av festivalane har invitert artistane som skulle spelt i fjor med i år. Det er uvisst endå korleis det blir med utanlandske artistar.

– Kan dei komma seg ut av sitt eige land? Kan dei komma inn i Noreg? spør Forsberg seg.

Forslaga som arbeidsgruppa frå festivalbransjen la fram i dag, skal vurderast av kulturdepartementet og helsestyresmaktene.

Håpet er ei rask, men ikkje forhasta vurdering, fortel leiar Tone Østerdal i Norske Konsertarrangører.

Tone Østerdal

UVANLEG SOMMAR: Østerdal fortel at ho er innstilt på at sommaren ikkje blir som vanleg, men håpar det blir mogeleg å letta på nokre smitteverntiltak.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

– Det blir jo ei ganske krevjande øving i år å spørja etter rammer, men ikkje for tidleg til at dei blir for tronge til å operera innanfor når situasjonen kanskje ser annleis ut i sommar, seier Østerdal.

Forsberg og Notodden Bluesfestival inviterer også alle saman, med kulturministeren i spissen, til gjenopningsseminar om to veker.

– Det som var retningsgivande for to veker sidan er ikkje det same som no, og ikkje det same som det vil vera over påske. Å laga gode samarbeidsløysingar, trur eg blir veldig viktig, seier han.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober