Hopp til innhold

Fem skandinaviske dystopiar

Det siste tiåret har sjangeren eksplodert; science-fiction-forfattarane har ikkje lenger framtida for seg sjølv.

154018843 Post Apocalyptic Love

Klimakollaps, overvakingssamfunn og medisinske eksperiment på avvegar. Den som vil skrive ein dystopi, har mykje å ta av – og det er det mange forfattarar som vil.

Foto: mammuth / Gettyimages/iStock

1. «De kommer til å drukne i sine mødres tårer»

  • Forfattar: Johannes Anyuru
Johannes Anyurus De kommer til å drukne...

«De kommer til å drukne i sine mødres tårer» var vinnar av Augustprisen 2017. Boka kom på norsk i 2018.

Foto: Forlaget Press

Ein teikneserieskapar krenkjer profeten og islamistar går til valdeleg aksjon. I framtids-Sverige går dei fascistiske Ridderhjertene i gatene, muslimane lever i gettoar og filmen frå den valdelege aksjonen går i loop på offentlege stader.

Eg likar spesielt godt dette: Som svensk-ugandisk muslim står den prislønte forfattaren Johannes Anyuru midt i spenningsfeltet han skriv om.

2. «Den danske borgerkrig 2018-24»

  • Forfattar: Kaspar Colling Nielsen
Den danske borgerkrig 2018-24

«Den danske borgerkrig 2018-24» vart gitt ut i Danmark i 2013, og omsett til norsk i 2017.

Borgarkrigen bryt ut i kjølvatnet av ei økonomisk krise. Etter kort tid halshøgg opprørarane politikarar på opne plassar til stor jubel frå københavnarar, i verste IS-stil. 450 år inne i framtida ser ein overlevande tilbake på krigen.

Dette likar eg med boka: Der Anyuru går inn i dystopien gjennom religiøse og ideologiske liner, har Collin Nielsen valt økonomisk kollaps. Og i menneskenaturen, som baud på litt av kvart allereie før rikingane gjorde stamcellemanipulasjon til ein del av registeret.

3. «Havari»

  • Forfattar: Bård Isdahl
Havari

«Havari» vart gitt ut i 2013.

Foto: Gyldendal forlag

Kloden er varmare, miljøaktivistane meir aggressive og unntakslover er innført for å sikre dei nye oljeriggane i Vesterålen mot sabotasje. Dessutan har den norske staten nett avgjort at dei ikkje lenger kan ta imot klimaflyktningar.

Difor skil denne seg ut: Norske dystopiar handlar nesten alltid om klima og miljø, og Havari er ikkje noko unntak. Men her står klima og demokrati mot kvarandre: Kan miljøet bergast i eit samfunn der politikarane står på val kvart fjerde år? Kan demokratiet bergast i ei tid då miljøkrisene trugar livsgrunnlaget?

4. «London 2084»

  • Forfattarar: Bing og Bringsværd
London 2084

«London 2084» vart gitt ut i 2014.

Foto: Pax forlag

Denne dystopien, som er lagt til eit ikkje tilfeldig årstal, har ny teknologi teke overvaking av borgarar til nye høgder. Havet er også høgare enn før og robåt er eit naturleg framkomstmiddel i byar som ligg ved sjøen. Eit mord fører privatetterforskar Altmann inn i ei verd der eksperimentering med biologisk materiale er ein av fleire uhumske innslag.

Dette likar eg: B & B forsyner seg godt av dystopi-element i denne boka, her er både teknologi på avvegar, overvaking, tukling med naturen og klimakrise med. Utviklinga går i feil retning fordi mennesket ikkje greier å setje i verk tiltak, sjølv om dei ser kva som skjer. Og dei greier å venne seg til forhold som verkar uuthaldelege.

5. «Fiolinane»

  • Forfattar: Jan Roar Leikvoll
Fiolinane

«​​​​​​​Fiolinane» vart gitt ut i 2010.

Foto: Samlaget

I eit goldt, postapokalyptisk samfunn overlever ein gjeng nakne, namnlause menneske så vidt det er. Humanismen er historie og historia er ukjent for dei aller fleste, men ein gammal mann eig – ein fiolin. Ein gong kunne han spele på den.

Dette gjer at eg likar boka: Her har alt kollapsa, ein heil sivilisasjon er borte og nesten gløymt og det i løpet av uhyggeleg kort tid. Ingen dystopiar er lystige, men denne er den mørkaste eg kjenner til.

  • Anbefalt vidare lesing:
Ni anbefalte bøker mammut 2018

Mammutsalet: Her er dei 9 beste bøkene Norges største boksal er i gang. Vi gir deg våre favorittar. Les saka

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.