Hopp til innhold

– Uhyggjeleg likt pappa

– Eg kan ikkje kome på nokon som kunne ha spelt rolla betre, seier sonen til Cornelis Vreeswijk om innsatsen til Hans-Erik Dyvik Husby.

Video Filmen om Cornelis Vreeswijk

Sjå video av Jack Vreeswijk og Hans-Erik Dyvik Husby snakke om filmen.

Regissøren Amir Chamdim håper filmen Cornelis vil gjere visesongaren Cornelis Vreeswijk tilgjengeleg for ein ny generasjon. Undervegs i prosjektet har han også møtt motstand i det å skulle lage film av eit nasjonalikona i Sverige.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Valet av den norske musikaren Hans-Erik Dyvik Husby i hovudrolla vekte oppsikt. Men regissøren var oppteken av at hovudrolleinnehavarane ikkje skulle herme etter Vreeswijk, eller verte ein parodi.

Video Regissøren om Cornelis-filmen

Sjå kva regissør Amir Chamdim meiner om skodespelar-innsatsen til Hans-Erik Dyvik Husby.

Ikkje rart med nordmann

Men for sonen til Cornelis Vreeswijk var det ikkje så underleg at ein nordmann fekk rolla som faren. Vreeswijk oppheldt seg nemleg i periodar mykje i både Oslo og Tromsø.

– For meg var det ikkje rart, men eg kan tenkje meg at mange andre reagert på det, seier Jack Vreeswijk.

Og når filmen no er ferdig, kan ikkje Jack Vreeswijk kome på nokon annan som heller burde ha spelt rolla.

– I går gjekk eg gjennom alle skodespelarar eg kom på heile verda, kven som skulle kunne gjere det betre, og eg kom ikkje på nokon.

Brukte Jack som målestokk

Hans-Erik Dyvik Husby fortel at han etter beskjed frå regissøren ikkje såg på dokumentarar om visesongaren. I staden brukte han musikken, og Jack Vreeswijk som hjelp til å finne ut av rolla.

– Når Jack sa: det der var likt pappa, fekk eg ei kjensle av at det var eit spøkjelse i rommet, fortel Hans-Erik Dyvik Husby.

Slik forska han seg fram til korleis rollekarakteren skulle vere. Og noko rett må han ha gjort, for det er fleire stader i filmen Jack Vreeswijk verkeleg tenkjer at dette kunne ha vore faren.

– Blikket, spesielt mot slutten av filmen, der du kikar ut, det er uhyggjeleg, seier Jack Vreeswijk.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)