Men eg måtte jo på skulen, så eg fekk aldri møtt feiaren! 17 år gjekk, og plutseleg var eg i Bergen som ny programleiar i Norge Rundt. Kva ville eg laga program om til første sending? Kva med å endeleg møta feiaren?
19 mai 1702 brann nesten heile Bergen by ned. Etter fleire storbrannar forstod dei nå kor viktig det var å feia skorsteinspipene. Feiing blei lovpålagt i Bergen fem år etter, og dei første faglærte feiarane kom til byen frå Danmark og Tyskland.
Møte med feiaren
I går hadde me ein kjekk dag i Gamle Bergen saman men pensjonert feiarmeister Rolf Olsen, som har vore feiar i over 43 år. Han fortalte korleis det var å vere feiar på den tida han begynte. Dei var ikkje sikra på nokon måte når dei gjekk på taket, og flytta taksteinar for å få fotfeste. Nokre piper var det ikkje anna løysing enn å feia innanfra, å stige ei pipe kallast det.
Kanskje får du sjå den pensjonerte feiarmeistaren i aksjon i fredagens program?
Var velkomne
Feiarane var populære, blant barn og vaksne. Ifølgje Olsen var de mange som såg på dei som litt mystiske, det er ikkje alle som går rundt svarte av kol og med flosshatt på toppen.
- Folk tok godt imot oss. De var ofte me fekk kaffi og kaker, men det var først når me var ferdige med feiinga, humrar Olsen.
Feiaren er frå gammalt av sett på som ein lykkebringar. Det kjem av at håndkosten tidlegare var laga av bjørkeris. Og det skjedde at riset kunne springa ut når det kom inn i varmen, sjølv på vinterstid. Det såg ein som eit symbol på fruktbarheit og lukke.
Olsen fortel at feiarane var nokon av dei heldige som fekk bada kvar dag. Etter ein lang arbeidsdag måtte sjølvsagt sotet vaskas vekk. Feierbada låg i private kjellarar, og ofte var det berre eit rom til både lagring av feierverktøy, kleskifte og bading.
Nye oppgåver
Mykje har forandra seg i feiaryrket sidan starten i Norge for 300 år sidan. Tryggingskrav, nye verktøy og ikkje minst nye arbeidsoppgåver har kome til. Me møtte feiarlærling Therene Eines som forklarte korleis arbeidsdagen til nåtidas feirarar ser ut.
Eg lovar dykk eit spennande program, sjå Norge Rundt!