Vekas P1 demo band har lagt seg i country-roots sjangeren, noko dei meistrar svært godt.
Med primus motor Thomas Larsen i spissen viser bandet at dei har kome svært langt til å vere eit realtivt nystarta band.
Samspelet mellom dei ulike instrumenta fungerer bra. Morsamt er det og at legg på sax på slutten av låta.
Hellbillies
Poor Man´s Hollywood er ferske som band, med fleire har erfaring som musikarar på heiltid. Lasse Hafreager var innleigd pianist i Hellbillies frå 1994 til 2000, og sett sjølvsagt sitt preg på bandet. I tillegg til Hellbillies har han og vore med på plater for ei rekkje band dei siste 10 åra.
Kanskje er det hit medlemmane i Poor Man`s Hollywood vil?
Poor Man`s Hollywood er:
Thomas Larsen - Guitar/vocals
Kjetil Moslåtten - Guitar/vocals
Lasse Hafreager - B3/Piano/vocals
Vegard K Sleipnes - Bass
Geir Steen - Drums